Barn og unge med fysisk funksjonshemming vil vere fysisk aktive. Dessverre erfarer mange at ressursane og kompetansen deira ikkje blir verdsett i gymtimane. 

NPK
NPK

Mange barn og unge med fysiske funksjonshemmingar, såkalla sjeldne diagnosar, trivst med å vere fysisk aktive i fritida, og dei vil delta i gymmen på skulen. Det melder gutar og jenter som Ellen Berg Svendby har vore i kontakt med gjennom doktorgradsprosjektet sitt. Fleire opplever likevel at dei ikkje passar inn i gymtimane, skriv Forskning.no.

Skulen skal tilby alle barn og unge tilpassa og likeverdig opplæring i ein inkluderande fellesskule. Dette gjeld sjølvsagt også faget kroppsøving. Svendbys studie viser, til liks med internasjonal forsking, at det er eit gap mellom visjonane om ein inkluderande skole, og det barna opplever i praksis. Ungane opplever at det er dei som er problemet når det er vanskeleg eller umogleg for dei å delta i gymtimen. Resultatet blir isolering og utestenging.

LES OGSÅ: – Aktive born mobbar mindre

Endra pedagogikk
Ein bør endre tilbodet og pedagogikken i kroppsøving, meiner Svendby.

– Kroppsøving skal vere så mykje meir enn disiplinering av kroppen for å bli sveitt. Altfor mange gymtimar blir brukte til ballspel, spesielt fotball. I staden for å lære nye måtar å bevege seg på, oppleve meistring og læring, utfordre seg sjølv og sin eigen kropp, ender altfor mange unge opp med å mislike kroppsøving. Det er forferdeleg synd og heilt unødvendig, meiner forskaren. 

LES OGSÅ: Vil ha mindre fotball 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE