Satsing skal auka profesjonalisering i kulturnæringa.

Ida Hundvebakke, Sogn Avis
Ida Hundvebakke, Sogn Avis

Denne veka la kulturminister Trond Giske fram handlingsplanane «Fra gründer til kulturbedrift», som er eit resultat av eit samarbeid mellom Kulturdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.  

– Målet er auka verdiskaping og eksport i kulturnæringane, og at fleire skal kunne leva av eiga verksemd, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap)  

LES OGSÅ: Kulturnæring for framtida

Kopla saman  
Ho fortel at eit sentralt tiltak i planen er ei kulturnæringssatsing i Norsk kulturråd og Innovasjon Noreg. Dei skal gå saman for å auka profesjonalisering, innovasjon og kommersialisering i kulturnæringane. 

– Me legg mellom anna opp til å laga møteplassar der folk i næringa kan samlast for nettverksbygging, seier ho. 

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar 

Satsar på suksessar  
Heggø peiker på at ein har mange bedrifter i Sogn som har lukkast i å kombinera reiseliv med kultur, og at målet med satsinga er at ein kanskje får endå fleire som gjer det i framtida.  

– Mellom anna har ein Flåmsbana som først vart lagt ned av NSB, men som ein fekk inn i reiselivsnæringa og som har blitt veldig populært for turistane som får oppleva både kultur og natur. BesteBakken i Luster har også fått laga ei fin pakke, med mellom anna kortreist mat som ein del av opplevinga, seier ho og legg til at det ikkje er sett nokon tidsplan på satsinga.

 – Men eg synes det er eit veldig fint tidspunkt me lanserer dette på, når det har byrja å blomstra i mange småbygder.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE