Sjuk på sovesalen

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Plutseleg ligg du der, på hostellsenga i Bangkok eller Buenos Aires, med feber, og kanskje ein mildt sagt ustødig mage, og så tenkjer du «søren», eller du tenkjer «typisk», og du tenkjer, «kvar var næraste apotek igjen?» Eller så er du litt sånn som meg, som sporenstreks tenkjer, «hjelp eg er sjuk på sovesal! eg vil heim!»

Det er lett å snakke om sjølvstende og fridom, å praktisere det er kanskje ikkje så lett, men under vanlege omstende iallfall ikkje umogleg, ein kan føle seg både vaksen og sjølvstendig i lengre periodar og ta gode, gjennomtenkte, fornuftige val, men straks ein blir sjuk så skjer det noko radikalt, iallfall med meg: Eg skulle ønske eg var heime, og kanskje til og med eit barn.

Det treng ikkje vere snakk om stor sjukdom heller, ein feber eller ein magesjau er meir enn nok, til at panikken tek deg, eller meg, iallfall. Kanskje fordi du ikkje vil vere ho rare som ligg og stønner og sveittar på sovesalen, kanskje fordi du lett ville bytta bort alle eksotiske erfaringar med nokon som kom til senga di med eit glas vatn, eller noko som kom innom leilegheita di med eit Donaldblad og sitronbrus.

Og det er ikkje nok med eit eller anna donaldblad eller ein eller annan sitronbrus. Iallfall ikkje for meg. Eg vil ha eit norsk donaldblad og 7-Up. I det siste har eg utvida repertoaret til Solo Sitron, men ein plass må grensa gå: Kva som helst går ikkje bra når ein er sjuk.

Eg trur dette gjeld for fleire når dei blir sjuke: Lengta etter ein heim er ofte lengta etter så mykje meir enn ein spesifikk plass. Når eg blir sjuk, og det trur eg gjeld fleire enn meg, så vil eg ha nett det same som eg alltid har hatt. I Gøteborg, til dømes, har dei ikkje Paracet men Pamol, ein tablett som har nett same effekt som tabletten eg voks opp med, men helst vil eg ta same tablett som eg alltid har tatt. Det vert noko ekstremt tryggjande med at ting heiter det same, og ser likt ut som før.

No har eg kanskje avslørt meg. Eg er ikkje i Buenos Aires eller Bangkok, eg er berre rett over grensa, i den vesle, søte byen Gøteborg. Men til og med ein sånn by, full av blide svenskar og solskin, kan bli skummel når ein blir sjuk. Ikkje er eg venelaus her heller, men plutseleg opplev ein denne forskjellen mellom dei venene ein kan drikke øl med i parken, og dei venene ein tør å spørje om dei kan gå på apoteket for deg. For ikkje å snakke om viss du på eit eller annan tidspunkt blir selskapssjuk og berre vil ha nokon som kjem innom og pratar litt utan at noko treng å skje. Det er liksom ikkje så lett å invitere dei folka du trefte i forgårs til ein sjukevisitt på hostellet.

Ein kan jo alltid reise heim. Nokon gongar er det kanskje like greitt, viss ein uansett berre er på ein kort tur, nært heime. Men andre gongar er det ikkje så lett å berre dra heim. Kanskje fordi du er ute på ein lengre tur, eller kanskje fordi du ikkje berre er på ferien, men til dømes har reist ein plass for å vere med på eit kurs eller gjere eit arbeide. Då må ein gjerne bli, halde ut, og vente til at det går over. For det gjer jo stort sett det.

Då er det berre å omfamne sjukdomen. Å legge seg til å sove kva time som helst på sovesalen. Å gje ein beng i om ein blir ho rare. For kven blir ikkje sjuk i blant? Og blir du for flau kan du jo alltids seie det, når folk spør deg korleis det går. «I have the flu», liksom. Verre er det ikkje. Nokon vil kanskje sjå på deg som ein skurk fordi du tek smitte med inn på sovesalen, men sjansen er òg stor for at nokon tykkjer litt synd om deg og syner deg sympati. Kanskje skjer det dessutan med deg som skjedde med meg, at eit vilt framand menneske spurde om ho skulle gå innom apoteket og kjøpe nokre Pamol til meg.

Det var korkje donaldblad, sitronbrus eller paracet, det var kanskje ikkje som å vere heime, men det kjentest som omsorg. Det er vel ikkje meir som skal til for å bli frisk av ein influensa enn dette: tid, svevn og omsorg. Om ein er på sovesalen eller heime i senga, så går det nok bra.

Så kan ein bli sjølvstendig og sterk igjen etterpå. Og i mellomtida ta i mot litt hjelp frå framande.  

 
Fyrst publisert i magasinett.no.