Her vil norske studentar jobbe

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga er 10 417 norske studentar ved 26 utdanningsinstitusjonar spurt om kor dei kan tenkje seg å jobbe. 

For IT-studentane er Google den mest attraktive arbeidsgjevaren, etterfølgd av  Microsoft og Bekk Consulting. Jusstudentane vil helst til Politiet, Utanriksdepartementet og tingrettane. Studentar innan humaniora og samfunnsvitskap har Utanriksdepartementet øvst på lista, følgd av NRK og Raudekrossen.

LES OGSÅ: Gjennom nålauget til UD

17 år på topp
Statoil har toppa lista for ingeniørstudentane i 17 år på rad, og for økonomistudentane i 12  år.

–  Vi er glade for at studentar som skal ut i arbeidslivet vel å arbeide hjå oss. Ikkje berre lovar det godt for dei framtidige ambisjonane våre som selskap, men det inspirerar oss og motiverar oss også til å satse enno meir på merkevare-bygginga vår som arbeidsgjevar, og korleis vi kan tilfredstille forventningane hjå våre tilsette, seier HR-leiar Andre Steinsett Mathisen på konsernets nettside.  

LES OGSÅ: Aukande mangel på ingeniørar i Europa 

Kjente namn
I det private næringslivet dominerar kjente firma som DNB, Aker Solutions og Telenor. Studentar som ynskjer seg til det offentlege vil gjerne til den sentrale statsforvaltninga, og fleire av departementa ligg høgt på lista av attraktive arbeidsplassar. 

Her kan du sjå alle listene!