Vinterjobben til Knut Nylend er å rydde ut all reinen i Sør-Georgia.

Øystein Øygarden, VTB.no
Øystein Øygarden, VTB.no
Faktaboks

Sør-Georgia
– Britisk øy i Sørishavet som blir administrert av guvernøren på Falklandsøyane.
– Oppdaga av Antoine de la Roché i april 1675. James Cook var den fyrste som gjekk i land på øya i 1776.
– Areal på 3 756 kvadratkilometer. 170 kilometer langt og 30 kilometer breitt.
– Høgste punkt er Mount Page (2 934 m.o.h.)
– 75 prosent av øya er dekt av is og snø.
– Meir enn 150 isbrear på øya.
– Ingen fastbuande, men forskingspersonell knytt til museumsdrift og forskingsstasjonane Birdøya og King Edward Point.
– Ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis, mellom anna 2,5 millionar pelssel, 300 000 elefantsel, 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar.
– Einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar.
– Dei fleste turistane som besøkjer Sør-Georgia kjem med cruiseskip. Totalt er det kring 30 cruiseskip med 2000 passasjerar som er innom øya kvart år.
– Innleiinga til Falklandskrigen starta i mars 1982 i Leith Harbour på Sør-Georgia. 3. april blei øya angripen av argentinske styrkar. Den argentinske okkupasjonen blei avslutta 25. april same år.
Kjelde: Wikipedia

Kvalfangst på øya
– Den norske kvalfangaren Carl Anton Larsen etablerte Grytviken som den fyrste landstasjonen for moderne kvalfangst i Antarktis 16. november 1904. Han hadde med seg 60 vestfoldingar. I løpet av tre månader blei det produsert 165 tonn kvalolje, og i det fyrste driftsåret blei det fanga 183 kvalar.
– Fleire kvalfangststasjonar blei etablert dei neste åra. Verksemda blei dominert av nordmenn, mellom anna mange frå Vest-Telemark.
– I desember 1965 forlét dei siste kvalfangarane øya.
Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Norske kvalfangarar, mange av dei frå Vest-Telemark, tok med seg villrein til Sør-Georgia i Sørishavet for å ha tilgang til mat og noko å jakte på. Truleg blei tamrein frå Hardangervidda selt via Numedal tamreinselskap til kaptein Carl Anton Larsen som i 1911 sette ut dei fyrste reinsdyra; tre bukkar og sju simler i Ocean Harbour på Barff Peninsula. Sidan blei det sporadisk sett ut rein fram til slutten av 1920-talet.

Nokre få dyr på starten av 1900-talet har i løpet av 100 år blitt til mange tusen dyr, og dermed ein trussel mot naturmangfaldet på øya. Det har vist seg vanskeleg for fuglar og andre artar å overleve. Stort beitetrykk går utover plantesamfunnet, spesielt tussocgraset som er viktig for hekkinga til særeigne sjøfuglar. Utan dette graset har ikkje fuglane skjul, og talet på sjøfuglar har gått dramatisk ned dei siste åra.

Det er bakgrunnen for at britiske styresmakter bestemte seg for å utrydde all reinen. Statens naturoppsyn blei hyra til det praktiske arbeidet, og Knut Nylend frå Rauland var ein av fire skyttarar som, saman med ti reindriftssamar, i vinter har vore på reinsdyrjakt på øya.

Måndag fortalte han om opplevinga framfor ei lydhøyr forsamling på villreinsenteret på Skinnarbu. Fordraget «Reinen på Sør-Georgia. Norsk art på framand jord» samla ein fullsett kinosal.

– Det er ei utfordring å gjera to og ein halv månad om til ein time, innleidde Nylend.

LES OGSÅ: Padla Sør-Georgia rundt

Felte 73 dyr kvar dag
1. joledag reiste Nylend frå Rauland. Etter diverse flyturar venta fem dagar i båt frå Falklandsøyane til Sør-Georgia.
Reinen på Sør-Georgia er i to stammer; ei på Busen-halvøya og ei i Barff Peninsula. Landskapet med brear, fjell og mangel på sjøis gjer at reinsdyra ikkje har hatt høve til å vandre fritt på øya.

I hovudsak skulle reinsdyra drivast inn etter samisk tradisjon. Det blei etablert ein slaktestasjon med ei avansert slakteline. Alt blei godkjent av veterinær. Kjøtet blei frakta vidare til Falklandsøyane for sal.

– Planen lukkast ganske bra, meiner Nylend.

Det blei rekna med at 70–80 prosent av dyra skulle drivast inn og slaktast. Resten skulle skytast. 11. januar byrja jakta for Nylend og dei andre skyttarane. Dei hadde med seg telt, vatn, utstyr og mat. Sjølv om den britiske maten ikkje fall heilt i smak.

– Men me hadde rikeleg tilgang til kjøt, for å seie det slik, sa Nylend.

– Det var mykje meir rein enn det me var klar over. Det blei sagt det var mellom 3000 og 3500 dyr. Truleg er det dobbelt så mange, sa Knut Nylend, og biletgjorde med at det i ei bukt skulle det vera kring 50 dyr. Det var 200 …

Kjøtet dei ikkje blei av med, måtte dei rett og slett hive på sjøen. Dette for å unngå at rottene – som skal utryddast i neste omgang – vil føretrekkje kjøtet framfor gifta i pelletsen som skal sleppast ned frå helikopter.

Totalt blei det slakta 929 reinsdyr på Busen-halvøya. I tillegg blei det skote 1012 dyr. På Barff blei det skote 1555 dyr. Truleg er det like mange, og vel så det, att på øya.

Neste vinter reiser teamet tilbake til Sør-Georgia for å gjera seg ferdige med jobben.

Statistikken viser 35 effektive jaktdagar. I snitt blei det felt 73 dyr kvar dag, eller 18 dyr per jeger om dagen.

På det meste blei det skote 168 dyr på ein dag.

(saka held fram under bildet)

Kongepingvinkolonien på Salisbury Plain på nordsida av øya. Foto: Pismire/Wikipedia/CC-lisens

Kan bli ein tredje tur
– Korleis var dyra å jakte på, undra ein i salen.

– På Busen var det ganske lett. Her brydde ikkje dyra seg om lukta, men bruka berre augo. På Barff var det motsett. Der var det vanskelegare å jakte rein enn her, sa Nylend.

– Har de utrydda alle på Busen, ville ein annan vete.

– Det er nokre få dyr att i Hercules bay. Dårleg vêr gjorde at me ikkje kom til her. Då me kom tilbake til Falklandsøyane etter fem dagar sigling, fekk med melding om at det var observert fire dyr. Det freista lite å køyre fem nye døgn tilbake for å skyte desse, men det gjer ingenting om dei går der eitt år til, sa Nylend.

Han trur ikkje det vil vera heilt tomt for rein når dei er ferdig i mars neste år, og han skisserer at det kan bli aktuelt med ein siste tur for at Sør-Georgia igjen skal bli fri for rein.

LES OGSÅ: Nesten heilt åleine

Ny sjanse
Også biomangfaldet har fått sin eigen dag; 22. mai. Statens naturoppsyn er oppmoda til å dra i gang arrangement, og oppsynet på Hardangervidda meinte historia til Nylend passa godt inn i temaet.

– Det var mykje slit, men ein sparer på dei beste minna. Det er eit eventyr, seier Nylend.

– Kvifor var tala på rein så feil?

– Britane har ikkje fast program for bestandstorleik som i Noreg, og då er det vanleg å underestimere. I tillegg var det ikkje tid nok til rekognosering. Det er eit vanskeleg området og avgrensa ressursar, forklarar han.

Mange ville ha med seg foredraget på villreinsenteret på Skinnarbu. Kring 60 personar får plass i kinosalen på senteret, og Morten Elgaaen i Statens naturoppsyn seier det blir ein ny sjanse for dei som ikkje fekk plass måndag.

– Me var usikre på om dette fenga. Heldigvis var det førehandspåmelding. Me måtte seie nei til kring 30 personar. Men sjølvsagt skal også desse få sjansen til å få med seg føredraget, seier Elgaaen.

Fyrstekomande onsdag blir det derfor ein ny sjanse til å få med seg foredraget «Reinen på Sør-Georgia. Norsk art på framand jord».

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Grytviken kyrkje vart reist i 1913. Foto: Wikipedia

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE