Farleg å bu i utkantstrok
33 prosent større sjanse for å hamne i dødsulukke i distrikta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Folk som bur i dei mest grisgrendte stroka i Noreg, har 33 prosent større risiko for å komme ut for ei dødsulykke enn dei som bur i meir tettbygde område.
Det viser doktoravhandlinga til legen Thomas Kristiansen, som er stipendiat ved Stiftelsen Norsk Luftambulanse.
Det er første gongen nokon har laga statistikk over dette i Noreg, skriv Dagens Medisin.
LES OGSÅ: – Desse kommunane er for små
Kristiansen trur det er mogleg å kompensere for den auka risikoen gjennom førebyggjande tiltak mot skadar og ved å auke kompetansen og ressursane ved akuttmottaka og lokalsjukehusa. Dessutan kan det hjelpe om det er lagt godt til rette for å få overført pasientane på ein trygg og effektiv måte til eit større sjukehus.
– Tidsaspektet er viktig, men det går også på kompetanse. I Australia har dei til dømes ei eiga teneste med spesialkompetanse til å transportere kritisk skadde pasientar til høgspesialiserte sjukehus, seier Kristiansen til Dagens Medisin.
Kristiansen meiner den auka risikoen for å døy i ulykker i mindre tettbygde strøk, bør spore til ei betre traumeorganisering i Noreg. (©NPK)
LES OGSÅ: Her er dei mest sårbare kommunane