Vil ha slutt på skjult reklame i bloggar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot skjult reklame

 

Forbrukarådet er oppgitt over at mange av dei mest populære bloggarane ikkje merkjer innlegga sine som reklame. Mange bloggarar tener pengar på å skrive om produkt og tenester, men tenkjer ikkje på at dei må følgje marknadsføringsloven.

– Skjult reklame er forbode, og denne regelen gjeld også for bloggarane. Dei kan ikkje velje om dei vil følgje norsk lov eller ikkje, seier forbrukarombod Gry Nergård.

Forbrukarombodet har no sendt ut brev til fem av dei største og mest populære bloggarane, der dei får ein frist til 5. juni til å innrette seg etter regelverket. Etter dette vil det bli gjennomført kontrollar for å sjekke om det blir følgt. I motsett fall kan det medføre både bøter og bloggforbod for dei som konsekvent bryt loven.

LES OGSÅ: Krev at bloggannonsørar tek ansvar

Bloggarar som tener pengar på å skrive om produkt og tenester må nemleg følgje marknadsføringsloven tydeleg merkje innlegga som reklame.

– Det er ikkje nok at bloggaren merkjer reklameinnlegget. Merkinga må også vere godt synleg for lesarane. Poenget med merkinga er at lesarane skal oppfatte at det er reklame før dei les blogginnlegget, seier Nergård.

Dei største såkalla rosabloggarane har mellom 20.000 og 80.000 daglege lesarar og blir særleg lesne av yngre ungdommar som lett lar seg påverke. (©NPK)