Difor blir det ikkje opptøyar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Også natt til fredag brann det friskt i bilar, skular og butikkar i fleire av dei store forstadene til Stockholm som er dominerte av innvandrarar. Også ein politistasjon og ein restaurant vart sett i brann.

Brannvesenet i og rundt Sveriges hovudstad fortel om nærmare 70 utrykkingar på torsdag kveld og natt til fredag. Fleire stader vart det kasta stein mot politiet, som arresterte minst tolv ungdommar for hærverk og mistanke om brannstifting.

I innvandrarbydelen Rinkeby gjekk minst fem bilar opp i flammar torsdag kveld, og ifølgje ein talsmann for politiet var over 500 ungdommar samla på Rinkebytorget.

I Älvsjö sør for Stockholm vart politistasjonen sett i brann, og det vart også meldt om ruteknusing og bråk i bydelen.

Lite truleg i Noreg
Forskar Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen meiner det er svært lite sannsynleg at ein liknande situasjon skal oppstå i Noreg.

Norsk og svensk politi har liknande metodar for førebygging og handtering. Men den store forskjellen mellom landa er dei store konsentrasjonane av innvandrarar i forstadene til svenske byar som Stockholm og Malmö, der det er høg arbeidsløyse, segregering og lite håp for framtida.

– Det er litt overraskande at dette skjer i Sverige, sidan politiet har utvikla program for å handtere menneskemengder som kjem ut av kontroll, seier Bjørnebekk til NTB.

Men programma er utvikla for å takle situasjonar som er føreseielege, som fotballhooligans og casuals, som kan planleggjast gjennom for eksempel dialog.

– Det er heilt annleis når uroa oppstår heilt spontant, seier ho.

Bjørnebekk seier at slik uro nesten alltid vert løyst ut av skarpe oppdrag frå politiet, slik som då ein ustabil eldre mann vart drepen av politiet i Husby utanfor Stockholm.

Fokus på sinte individ
Bjørnebekk seier at nyare forsking går litt bort frå den gamle måten med berre å sjå på dei ytre forholda som politiske og sosiale forhold som årsaka til opptøyar.

– No ser ein på begge delar, og ein er meir opptatt av individ i samspel med kvarandre og med samfunnet. Det er ikkje berre samfunnet sin feil at unge droppar ut av skulen, seier ho.

Det gjeld å identifisere på eit tidleg tidspunkt unge som er disponert for aggressivitet, og som samtidig kjem frå vanskelege sosiale forhold.

– Dette er ungdom som har liten tillit til samfunnet og til politiet, og som føler at dei har ein legitim rett til å reagere mot samfunnet og politiet og som får med seg andre, seier ho.

LES OGSÅ: Trur på fleire opptøyar i England

Dei fleste imot
Ho gjer det klart at det alltid berre er ein liten del av befolkninga i uroherja område som deltar i opptøyane. Dei fleste tar avstand frå valden.

Bjørnebekk understrekar at kriminelle handlingar må behandlast som kriminelle handlingar, og at for eksempel eldspåsetjing er svært alvorleg.

Ein av dei viktige metodane for å førebyggje opptøyar og kriminalitet i Noreg er bekymringssamtalane som er utvikla av Bjørn Øvrum på Manglerud politistasjon.

Metoden vart først brukt for å løyse opp eit nynazistisk miljø på Nordstrand i Oslo i etterkant av drapet på Benjamin Hermansen, og er sidan nytta overfor unge som deltok i opptøyane på Karl Johan i samband med krigen i Gaza rundt nyttår 2009. (©NPK)