Norheimsund er årets mest attraktive stad

Norheimsund i Hordaland får Statens pris for attraktivt stad 2013. 700 stader rundt omkring i landet har kjempa om tittelen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets mest attraktive stad

Norheimsund får skryt av juryen for å ha snudd seg rundt etter at ein tettstadsanalyse på 1990-talet fastslo at staden ikkje klarte å utnytte nærleiken til sjøen til sin fordel. Sidan den gong er det blant anna bygd fjordpromenade og ny gjestehamn, noko som har gitt sentrum eit løft som møtestad med liv og røre i tilknyting til butikkane, ifølgje jurygrunngivinga.

– I Norheimsund er det jobba systematisk med planlegging og investeringar i tettstadsutvikling. Det er godt samarbeid mellom lokale utviklingsaktørar. Arbeidet har generert kreativitet, dugnadsarbeid, tiltakslyst og handlekraft i lokalsamfunnet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

LES OGSÅ: – Fleire burde få augo opp for bygda

Ho deler ut prisen på 250.000 kroner i Norheimsund 28. mai. Pengane skal brukast på tiltak i Norheimsund.

Over 700 forslag frå heile landet blei sendt inn til kåringa. Før påske blei desse fem stadene nominerte: Ringebu, Kirkenes, Herøy, Fagernes og Norheimsund.

Det er andre året prisen vert delt ut. I fjor gjekk prisen til Ulsteinvik i Møre og Romsdal. Kåringa er meint å framheve og heidre kommunar og andre «som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktivt stad å bu, arbeide, drive næring og besøkje». (©NPK)