Over 4500 stemmer har vore med på å kåra dei mest sexy nynorskbrukarane i 2013.

Redaksjonen
Redaksjonen
Faktaboks

Sigmund Løvåsen (f. 1977) kjem frå Trysil og har gjeve ut kritikarroste bøker som Nyryddinga og Brakk. Frå 2012 er han leiar i Den norske Forfatterforening.

Ingebjørg Harman Bratland (f. 1990) frå Vinje er folkemusikar, kvedar og songarinne. Ho er kjend for si unike evne til å tolke og formidle folkeviser, stev og balladar, og vann i 2006 Spellemannprisen for beste barneplate. Les meir om henne på Allkunne!
Les også: Ny CD frå Nordstoga

Her er vinnarane frå kvart fylke:

Vestfold: Margit Ims og Daniel Bolstad Fløde

Aust-Agder: Sanjin Kazagic og Åse Bjorvatn

Telemark: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland

Sør-Trøndelag: Arnfinn Muruvik Vonen

Buskerud: Stein Torleif Bjella og Åse Wetås

Finnmark: Sivert Isaksen Warth

Hedmark: Sigmund Løvåsen og Kristin Fridtun

Nordland: Ingar Arnøy og Ingvild Elisabeth Fagereng

Oppland: Marie Klåpbakken og Knut Aastad Bråten

Oslo: Marit Mæhle Grimsrud og Jens Kihl

Hordaland: Audun Kjørstad og Ingrid Ophaug Dahl

Møre og Romsdal: Ann Iren Folkestad og Øyvind Osdal Runde

Rogaland: Hadia Tajik og Odin Omdal Hørthe

Sogn og Fjordane: Tarjei Bø og Tone Damli Aaberge

LES FAKTALUKK FAKTA

Noregs mest sexy nynorskbrukar 2013 er forfattar og leiar i Forfatterforeningen Sigmund Løvåsen og folkemusikar Ingebjørg Bratland.

Etter fleire månader med røystingar og fleire gode fylkesfinalistar, har juryen kome fram til vinnarane.

– Bakgrunnen for at Løvåsen og Bratland har gått av med sigeren, er at dei båe er usedvanleg vakre, med lure smil og glimt i auga. Dei strålar av sjølvkjensle og glede, noko juryen trekk fram som særleg positivt. Når dei i tillegg er så gode ambassadørar for nynorsken som dei er, kan det vere liten tvil om at dette er verdige vinnarar. Måten dei formidlar nynorsk kultur gjennom litteratur og song, er heilt eineståande. Det er sexy! Vi gratulerer!

Det skriv juryen i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Korleis vart du du, Sigmund Løvåsen?

– Skal festa heile kvelden
– Det var mange god kandidatar, og det tok tid før juryen vart samde. Alle finalistane skilde seg frå kvarandre, og alle er dei verdige vinnarar. Men, som i alle kåringar skal ein stå att med vinnarane, skriv jurymedlemmene Kristina E. Sæterdal, Karl Peder Mork og Anne Straume.

Det er medlemsbladet til Norsk Målungdom, Motmæle, som står bak kåringa.

Jurymedlem Anne Straume seier til Framtida.no at dei har fått gratulert Sigmund Løvåsen:

– Han sa han skulle feste heile kvelden. Vinnarane vil få eit diplom kvar. Og heider og ære. Sjølvsagt.

LES OGSÅ:– Dette er Noregs mest sexy dialekt

4500 stemmer
Det kom inn over 4500 stemmer i nominasjonsrundane og i fylkesfinalane. Sogn og Fjordane var fylket som sanka flest stemmer.

– Landsstyret i Norsk Målungdom har i fleire år snakka om at det hadde vore kjekt å kåre Noregs mest sexy nynorskbrukar. Det er mange slike kåringar om menn og kvinner, skodespelarar og kjendisar. Då tenkte me at det er kjekt med vår vri, med å kåra nynorskbrukar. I høvet språkåret gjorde me preik om til handling, fortel Anne Straume.

Planen er å halda fram med kåringa til neste år.

– Til dei som føler dei burde ha ein sjanse til å gjera det godt i ei ny kåring, kva råd vil du gje dei?

– Fyrste bod: Hald på nynorsken! seier Anne Straume.

LES OGSÅ:Kven er Noregs mest sexy nynorskbrukar?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE