Vil ikkje ha byggjeforbod i flaumsone

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ikkje ha byggjeforbod

– Viss vi ikkje skal byggje i eit belte der vi må ta omsyn til ein 50- eller 100-årsflaum, er det veldig mange stader i Noreg det ikkje er mogleg å bu. Og det er ikkje aktuelt, seier Borten Moe til NTB.

Han legg til at det er mange omsyn som må takast når nye bustader skal planleggjast, og at det viktigaste ved arealplanlegginga er at ein har mest mogleg informasjon.

– Kommunane, NVE og fylkesmennene har betre informasjon enn dei nokon gong har hatt, sjølv om det kanskje aldri blir bra nok, seier statsråden.

Borten Moe vil ikkje felle dom over dei som vel å byggje opp igjen bustader som er øydelagde av flaum.

– Må flytte
Fleire stortingsrepresentantar har tatt til orde for at huseigarar som er spesielt flaumutsette, kan bli nøydde til å flytte i staden for å byggje opp igjen huset. Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Aksel Hagen (SV), seier til Aftenposten at dersom ein bustad blir øydelagd gong etter gong, så må han byggjast opp igjen ein annan stad.

Forsikringsselskapet If har erfart at det er dei same som blir utsette gong etter gong, og meiner at det ikkje bør byggjast i dei mest flaumutsette områda.

Kommunane er etter plan- og bygningslova ansvarlege for at naturfare blir vurdert og tatt omsyn til i arealplanlegging og byggjesaker.

– Kommunane bør ikkje regulere område som viser seg å vere særleg flaumutsette, til bustader. Og dersom det blir på tale å gjenreise bustader i flaumutsette område, er det heilt nødvendig med sikringstiltak som gjer at dei ikkje blir tekne på nytt, seier Høgres Nikolai Astrup.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Stortinget
Han er saksordførar for behandlinga av stortingsmeldinga om klimatilpassingar, som blei lagt fram tidlegare i mai. Der foreslår regjeringa blant anna å innføre statlege retningslinjer for korleis klimatilpassing skal handterast lokalt.

– Det er vel og bra, men ikkje tilstrekkeleg dersom ein ikkje følgjer opp med å tilføre kommunane ressursar og kompetanse, seier Astrup.

Han understrekar at kommunane ikkje berre kan ta i bruk historiske data i arbeidet med byggjesaker og nye reguleringsplanar.

– Kommunane må allereie no planleggje for dei klimaendringar som forskarane meiner vil komme. Det er openbert at vi må prioritere rassikring av veg og bane dei neste åra. Det er uhaldbart at store delar av infrastrukturen i Sør-Noreg blir sett ut av spel slik tilfellet er no, seier han.

Stortinget skal behandle stortingsmeldinga 19. juni.

Les siste klimanytt her!

Kva meiner du? Skal ein få byggja kvar ein vil – kven skal i så fall ta rekninga når det blir flaum gong på gong? Kommenter i kommentarfeltet!