Styreleiar Mona Haugland Hellesnes i Forum Nye Bergensbanen (FNB) kallar det ein siger.

Frode Myhra Gjerald, Avisa Hordaland
Frode Myhra Gjerald, Avisa Hordaland

 

På Hallingdalskonferansen på Gol torsdag, kunne parlamentarisk nestleiar i Ap, Martin Kolberg, presentere det som er regjeringspartia sin merknad om Ringeriksbanen i stortingshandsaminga av Nasjonal Transportplan. Kolberg slo fast at dei raudgrøne partia er samde om at det ikkje er behov for ei ny konseptvalutgreiing (KVU) for Ringeriksbanen. Han sa vidare at Jernbaneverket vil få eit nytt utgreiingsoppdrag, der Ringeriksbanen skal greiast ut ferdig til 2018. Målsetninga er vidare at også byggestart skal finne stad i 2018. Regjeringa blir også beden om å vurdere statleg plan for Ringeriksbanen dersom dette er tenleg for å sikre framdrift i planlegginga.

– Dette er ei fantastisk gledeleg melding. Dette er i realiteten full siger og fullt gjennomslag for det som har vore Forum Nye Bergensbanen (FNB) sine krav til handsaminga av Ringeriksbanen i Nasjonal Transportplan, seier Mona Haugland Hellesnes som er styreleiar i FNB.

LES OGSÅ: Kortar reisetida med éin time

FNB har uttrykt undring over formuleringane om Ringeriksbanen i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan. Her var det både lagt opp til ein unødig lang planprosess, og det kunne sjå ut til at byggjestart ikkje kunne finne stad før i 2022-23.

– Uklårheitene rundt både planlegging og byggjestart er nå rydda av vegen. Dei raudgrøne partia er tydelege på at det skal gjennomførast ein rask og effektiv planprosess for Ringeriksbanen. Og ein legg opp til byggestart i 2018. Eit høgre tempo i prosessen er det neppe mogleg å få, seier Haugland Hellesnes.

LES OGSÅ: Kina vil byggja lyntog i Norden

– Det er mange som har stått hardt på for å få dette vedtaket på plass, men dei raudgrøne partia frå Buskerud og Hordaland har stått i bresjen. Og så har dei sikkert merka at det har vore mange i lokalsamfunna, nærings- og arbeidslivet og anna samfunnsliv som har pressa hardt på, seier Haugland Hellesnes.

– Sidan alle opposisjonspartia også har uttrykt ei klar vilje til å prioritere bygging av Ringeriksbanen i samband med NTP, reknar vi nå med at det er ei tverrpolitisk semje om planlegging og bygging av denne banen. Stortinget vil for øvrig handsame NTP og vedtaket om bygging av Ringeriksbanen 18. juni i Stortinget – på dagen 21 år etter at Ringeriksbanen vart vedteken i Stortinget i nyare tid, avsluttar Haugland Hellesnes.

Les saka i Avisa Hordaland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE