Leiar i ungdomsorganisasjon er redd nynorsk vin kan normalisera bruk av vin til mat.

mm

I fjor haust kom den første nynorske raudvinen frå vinimportøren Excellars. Denne veka blei den kvite varianten lansert med god hjelp av Arne Hjeltnes. På kvitvinsflaska har vossingen skrive dikt. Vinane blir marknadsført som perfekt til det meste me et av mat. Dette får leiaren i Juvente i Sunnhordland til å reagera, melder Sunnhordland.no.

– Eg reagerer på at ein kjendisvin, som får så mykje merksemd rundt seg, blir omtalt som ein matvin, fordi eg er redd det kan normalisera nytta av vin til mat, og skape ei slags samfunnsaksept overfor alkohol til mat, seier Petter Wilhelmsen til Framtida.no.

LES OGSÅ: Opplever stadig drikkepress

– Når eg seier det, snakkar eg om born og alkohol. Eit døme er jula, der Vinmonopolet doblar salet sitt av alkohol. Rundt 100.000 norske born gruar seg kvart år på grunn av foreldra sine alkoholkonsum og effekten av det. Forsking seier at born lett merkar endringar i oppførselen til foreldre, noko som jo skjer etter inntak av alkohol, seier Wilhelmsen.

– Denne saka er spesielt skummel med tanke på at han blir lansert rett før 17. mai, der alkoholbruken stig kraftig i tilhøve til normalen, legg han til.

Kva meiner du om saka? Får alkohol for mykje merksemd?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

ANNONSE