– Mange unge ville vore friskare i jobb

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange ville vore friskare i jobb

Forskar meiner at mange av dei ville blitt friskare dersom dei hadde vore i jobb.

Tala kjem fram i ein ny rapport som blir lagt fram for arbeidsministrane og statsministrane i dei nordiske landa under ein konferanse i Stockholm torsdag, skriv Aftenposten.

I aldersgruppa 18– 29 år har 61 prosent av dei som blir uføretrygda, psykiske lidingar. I aldersgruppa 30– 39 år er delen 52 prosent.

LES OGSÅ: Unge er mest einsame

Seniorforskar Arnstein Mykletun ved Nasjonalt folkehelseinstitutt er ein av forfattarane av rapporten.

– Analysen viser at den aller største gruppa psykiske lidingar som fører til uføretrygd i denne aldersgruppa, er angstlidingar. Dette er for dei fleste å rekne som ei mild psykisk liding som oftast er forenelig med arbeid, og som oftast kan behandlast med godt resultat. Vi burde derfor kunne førebyggje at desse blir uføretrygda, meiner Mykletun.

Han meiner at sjukmelding kan forverre tilstanden for dei som slit med angst og får støtte for synet sitt hos Anne Kristine Bergern, psykiatrikar og fagrådgivar i Rådet for psykisk helse.

LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane

– Menneske med psykiske lidingar treng ikkje nødvendigvis å vere 100 prosent friske frå symptom for å jobbe, påpeikar ho. (©NPK)