Det er konklusjonen etter at forskarar ved eit amerikansk universitet undersøkte kvinnelege førsteårsstudentar og kor mykje tid dei brukte på forskjellige medium, skriv Forskning.no.
Tida dei brukte på ulike medium blei samanlikna med karakterane deira ved slutten av haust- og vårsemesteret. Det viste seg at dei ferske studentane brukte heile 12 timar om dagen på ulike gjeremål på nett- eller mobil, og at bruken virka negativt inn på karakterane.
Det var likevel to typar mediebruk som skilte seg ut i undersøkinga. Dersom studentane brukte mykje tid på å lese nyheiter eller på å høyre på musikk, hadde det ein positiv innverknad på karakterane. (©NPK)