Festivalar for alle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bygd betre enn by på festivalar

Det norske festivalutbodet forblir stort og mangfaldig.

– Vi har venta på eit mettingspunkt, seier Line Endresen i Norsk Rockforbund, som i tillegg til heilårsarrangørar også organiserer 81 festivalar – inklusive stornamn som Hove, Øya, Slottsfjell, Seljord, Notodden og Skånevik.

– Toppen ser ikkje ut til å vere nådd. Også dei som har vore med ei stund melder om oppgang, seier ho.

Treng lojale publikummarar

Ut frå ei undersøking som 38 av festivalane svarte på, viser det seg at det er festivalane som har bygd seg opp over tid som held koken. Endresen trekkjer fram Parkenfestivalen (Bodø, 16. og 17. august), Øya (Oslo, 6. til 10. august), Vinjerock (Eidsbugarden, 18. til 21. juli), Slottsfjell (Tønsberg, 18. til 20. juli) og Bukta (Tromsø, 18. til 20. juli) som eksempel på dette.

– Det skaper lojale publikummarar som kjøper billettar før artistane blir slopne. Dei som er headlinerbaserte er mykje meir utsette, fordi dei ikkje får eit tilsvarande lojalt publikum, fastslår Endresen.

For blant dei festivalane som ikkje dukkar opp i år, er fjorårets Kollenfestival, som køyrde på med storstjerner, men som gjekk konkurs i oppstartsåret på grunn av publikumssvikt.

LES OGSÅ: Ein konsert gav sju spelejobbar

Bygd betre enn by

Ein annan trend ein såg av undersøkinga, var at av festivalane i byane (over 10.000 innbyggjarar) gjekk 55 prosent med overskot, mens 79 prosent av bygdefestivalane gjekk med overskot. Det trur Rockforbundets leiar er fordi bygdefestivalane klarer å skape seg den tydelegaste identiteten.

– Publikum er blitt godt vant no, så du må gi dei noko ekstra. Folk leiter etter opplevingar som gir litt meir, som har ein særeigen identitet, trur Endresen.

Gode eksempel på identitetssterke festivalar er Trænafestivalen (Træna, 11. til 13. juli), Audunbakken (Disenå i Sør-Odal, 2. til 4. august) og Sommerfesten på Giske (Giske, 27. juli).

– Ei undersøking frå 2008 viste at over ein firedel av befolkninga gjekk på minst éin festival. Når det er så mange å velje mellom, og yndlingsbandet er tilgjengeleg på fem festivalar uansett, så blir heilskapsopplevinga viktigare. Dei som tilbyr ein totalpakke med reindyrka profil, står sterkast, seier Endresen, og minner om Rockforbundets såkalla identitetshandbok for arrangørar, med gode råd i «Kunsten å vera seg selv», som ho heiter.

LES OGSÅ: Festivalar på bygda meir lønsame enn i byen

For avleggjarar

Atskillege festivalar har innsett at kjernepublikummet deira ikkje berre er blitt eldre, men at dei også har formeira seg – og vil ha med seg podane på moroa.

Då kan det enten bli som Øya (Oslo, 6. til 10. august), som har fått sin heilt eigne avleggjar Miniøya (Oslo, 8. og 9. juni) på eit anna tidspunkt.

Eller ein gjer slik festivalar som Pstereo (Trondheim, 16. og 17. august), som har ein piknikdag med musikk for heile familien på dagtid, og Kongsbergjazz (Kongsberg, 3. til 6. juli), som sidan 1977 har hatt parallellarrangementet Barnivalen.

Når barna er blitt ungdommar, blir dei også fridde til – gjennom tilbod som til dømes førehandsarrangement til Norwegian Wood (Oslo, 13. til 16. juni), Youngwood (Oslo, 12. og 13. juni), Øya under 18 (Oslo, i år i april).

Eggstockfestivalen (Bergen, 5. til 7. juni) satsar ikkje berre på ungt publikum, men på unge, uetablerte band der to tredelar av medlemmene må vere under 26.

Ungdomsfestivalane Unglydfestivalen (Asker, 24. august) og Fonnafest (Jondal, 22. juni) er rusfrie.

Rockefestivalen Malakoff (Nordfjordeid, 18. til 20. juli) starta i si tid som ein ungdomsfestival, men er i dag populær for alle aldersgrupper. Festivalen er blant dei som blir trekte fram som har dratt unge med inn på arrangørsida.

Framtidas publikum i tale

For dette med å sørgje for å få med dei unge blir stadig viktigare, skal ein tru Norsk Rockforbund, der landsmøtet i fjor slo fast at ein skal satse særskilt på ungdom.

25. mai skal Rockforbundets folk rundt til fem norske byar (Tromsø, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Oslo) for å snakke med unge i alderen 14 til 18 år om korleis dei ønskjer seg konsert- og festival-Noreg.

– Ungdommen må vere med på å bestemme kva innhaldet skal vere, elles treffer vi feil, seier leiar Line Endresen.

Rockeforbundet har laga inspirasjonsbrosjyren «Teenage Kicks», for å få arrangørane til å lage arrangement for unge, så vel som å jobbe for å lære dei opp på arrangørsida.

– Vi blir eldre! ler Endresen: – Og dei er neste generasjons konsertarrangørar så vel som framtidas publikum. (©NPK)

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

http://www.ntb.no/picture.aspx?Type=L&SpCode=sxbf9c12

Bygdefestivalar går ofte betre enn byfestivalar, og særleg ettertrakta er arrangement med særeigen identitet. Trænafestivalen er for lengst utseld og treng ikkje freiste med headlinerar. Foto: Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK