Ja, det går an å få betre enn 6 som karakter på eksamen. Ola Esten Røssum, Ragnhild Birkeland Hope og Isak Heggedal Kongsvik vann Fridtjov Oos legat for stilane sine.

mm

Fridtjov Oos legat går til dei tre beste stilane som har fått karakteren 6 i norsk hovudmål, der nynorsk er hovudmålet. Mellom tidlegare vinnarar er Einar Førde, Ottar Grepstad og fleire kjente politikarar og forfattarar. Dei tre vinnarane i år får 5000 kroner kvar.

– Det kom svært overraskande på meg då eg fekk meldinga om at teksten min var ein av vinnarstilane. Eg var langt i frå sikker på at stilen var god nok til toppkarakter i det heile, og var sjølvsagt meir enn godt nøgd då karakteren vart klar. Men at den skulle bli kåra til ein av dei beste var over all forventing, seier Ola Esten Røssum, som tok norskeksamenen sin på Vinstra vidaregåande i fjor vår.

– Eg var heldig som kunne velja ei oppgåve der eg fekk skrive om noko eg interesserer meg for, og slik sett gjekk sjølve skrivinga greitt, legg han til.

Skreiv om språk på fjesboka
Ola Esten Røssum valde ei oppgåve der han skulle gjera greie for særtrekk ved det munnlege og skriftlege språket i ulike situasjonar, og bruka eksempel og fagkunnskapar om språkleg variasjon og forholdet mellom munnleg og skriftleg språk.

– Vinnaren tar oss med både på kino, til facebook og twitter, og syner korleis eit talenært skriftspråk utviklar seg på sosiale medier. Deretter diskuterer han kva dette får å seia for både skrift og tale, og korleis vi endrar både tale- og skriftspråk etter situasjonar. Her får han med både etablert kunnskap om språk og identitet, og inkluderer nye media i diskusjonen på ein reflektert måte, skriv juryleiar Marta Norheim i grunngjevinga til juryen. Ho er kjent som kulturjournalist i NRK.

– Inspirerer til meir nynorsk
Denne prisen er ein fin inspirasjon til å halda fram med å skriva nynorsk, seier Ola Esten Røssum.

Det siste året har han brukt på å fullføra eit fireårig vidaregåande skuleløp.

– Eg satsa tidlegare aktivt i langrenn, men gav meg med dette etter eit par år. Det siste året har eg difor hatt ein romleg timeplan, og har kombinert min eigen skulegang med vikartimar som lærar i 8. klasse. Det har vore ei veldig fin erfaring å ta med seg, med undervising i norsk, engelsk og RLE. Frå hausten håpar eg å komme inn på eit ingeniørstudium ved NTNU i Trondheim, held Ola Esten Røssum fram.

– Eg er glad i språk- og samfunnsfag, men det er realfaga eg ser på som mest interessante. Lengre fram enn det er det vanskeleg å sjå, men det blir sagt at ingeniørar kjem til å vera ettertrakta på arbeidsmarknaden i lang tid framover. Eg er oppvaksen på gard, og på lang sikt kunne eg gjerne tenkje meg å ta over drifta av den, seier han.

Les vinnarteksten til Ola Esten Røssum!

Romantikken
– Det er veldig flott at det ein skriv er så bra at andre set pris på det. Det veldig stas, seier Ragnhild Birkeland Hope. Ho gjekk ut frå Firda vidaregåande skule i fjor, og kjem frå Hyen i Gloppen. No held ho på å avslutta første året på lærarutdanninga på Høgskulen i Volda, med faga norsk og engelsk.

– Eg kjem til å bli lærar, seier om framtida si.

– Men det kjem kanskje til å bli litt skriving ved sida av, held ho fram. For to år sidan blei ho Månadens poet i Dagbladet. Ho skriv enno dikt, og nokre gonger noveller òg.

– Eg har ikkje store planar om å få gitt ut noko. Eg er enno ikkje så god som eg har lyst til å bli, seier Ragnhild Birkeland Hope.

Ho valde oppgåve tre tekstar frå Goethes: Unge Werthers lidelser, Seterpiken og jegeren av Bernhard Herre, og Det første håndtrykk av Henrik Wergeland. I eksamensstilen samanlikna ho form og innhald i dei tre tekstane og peika på romantiske trekk i dei.

Juryen uttalar dette om teksten hennar:

– Ragnhild forstår seg både på hovudtrekka i romantikken, og kjenner att nasjonalromantikken når ho ser han. Ho har også eit vake auge for korleis dei mannlege forfattarane ser kvinnene som del av naturen, mens mannen får vera den som reflekterer over situasjonen. Det handlar ikkje berre om kva som blir sett, men også om kven som ser. Det er godt sett og godt skrive.

LES OGSÅ: Desse har vunne Fridtjof Oos legat tidlegare

Tolka Grytten-novelle
Isak Heggedal Kongsvikfrå Volda vidaregåande var ikkje til stades då prisen blei delt ut på årsmøtet til Det norske Samlaget. Han tolka novella «Dansar du»? av Frode Grytten på eksamenen sin.

– Dette er ei knapp novelle, vi er på eit juleball, to tenåringar har eit godt auge til kvarandre og manøvrerer etter beste evne i ukjent farvatn. Det skjer ikkje så mykje, vi får vite litt om kva som skjer inne i dei to, men dette er ei novelle som krev innleving og meddikting av lesaren. Isak tek saka og leverer ei stødig lesing der han ser også det som ikkje blir sagt og tolkar teikn som ikkje er forklart, skriv juryen om oppgåva hans.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43
ANNONSE