Lise-May Sæle (15) haustar lovord etter innsatsen på landstinget til Høgre i helga. Me har tatt ein prat med den yngste fylkesleiaren i Unge Høgre.

mm

– Ingen fotballtrenar ville sagt at ein spelar burde slutte å trene venstre foten for å bli betre til å skyte med den høgre. Slik er det også med sidemålsdebatten. Du blir ikkje betre i hovudmålet av å velje vekk sidemålet, sa Lise-May Sæle då ho var på talarstolen for andre gong på landsmøtet til Høgre i helga. På landsmøtet til Unge Høgre i fjor heldt ho fram at nynorsk er sexy (sjå innlegget på video under).

Arne Hjeltnes var ein av dei som lovprisa innsatsen hennar på Twitter:

– Du gjorde ein strålande innsats på ditt fyrste landsmøte #hlm13Stor framtid! skreiv han.

Korleis var det å vere på landsmøtet? 

– Å delta på Høgre sitt landsmøte var litt av ei oppleving! Utruleg spanande, og ikkje minst lærerikt. Ein får vedta og diskutere politikken for framtida med nye idear og betre løysingar, fylgje med på gode debattar og høve til å bli kjent med mange nye personar frå heile landet som deler dei same interessene og verdiane som ein har sjølv, seier Lise-May Sæle.

Korleis var det å få så mykje ros for innlegget ditt om nynorsken?

– Det er veldig kjekt! Utruleg motiverande for meg. Innlegget mitt skulle ikkje hamne i gløymeboksen til tilhøyrarane, og det trur eg ikkje eg det har gjort heller!  

Norsk Målungdom kalla Høgre for ein språkpolitisk dinosaur etter landsmøtet. Fleire nynorskingar i Høgre er likevel nøgde med at partiet har slutta å nemne valfritt sidemål. Er du nøgd?

– Ja, det er ein enorm siger for sidemålspolitikken til Høgre. Spesielt òg dette med at me har vedteke at sidemålsundervisning skal tidlegare inn i skulen.  

LES OGSÅ: Ungdomspartia er rekordstore

Kva er saka som du brenn mest for?

– Det er mykje eg brenn for, og er vanskeleg å velje ut akkurat éi sak. Men det går mykje på dette at enkeltmennesket må få bestemme mest mogleg over sitt eige liv, og ikkje staten.

– Så er det jo ikkje å stikke under ein stol av sidemålssaka er veldig viktig for meg. Eg byrja å engasjere meg i sidemålssaka allereie før eg vart medlem i Unge Høgre.

Korleis synest du det gjekk for Unge Høgre sin del?

– Heilt fantastisk! Så mykje av Unge Høgre sine forslag er komne gjennom og inn i stortingsvalprogrammet. Det er heilt rett gjort av TV2 å kåre Unge Høgre til landsmøtet sin store vinnar. 

Utdanningsforbundet er mot karakterar frå 5. trinn i barneskulen. Kvifor går Høgre mot lærarane og vil innføre karakterar frå 5. trinn?

– Dette er eit godt vedtak som eg er veldig samd i. I dag blir ikkje elevar frå 5.trinn vurdert på same måten som ein gjer når ein kjem på ungdomsskulen. Dette er heilt feil, og på mange måtar får elevar seg eit stort sjokk når karakterane kjem i 8.klasse. Karakterar frå 5.klasse er positivt, og bra for elevar. Elevar treng noko så konkret som karakterar, slik at dei kan rette seg etter dette. Dette er eit godt døme på kunnskap i skulen, og er ikkje minst eit vedtak som vil motivere elevar.

LES OGSÅ: Unge Høgre vil dra Høgre mot høgre

Kva tid blei du medlem i Unge Høgre?

– Eg vart medlem hausten 2011.

Kvifor valde du Unge Høgre?

– Eg hadde fylgt lenge med i politikken, og har alltid vore samd i Unge Høgre sin politikk. Så valde eg å melde meg inn fordi eg ynskte ein arena for å utøve dei politiske interessene mine. Unge Høgre har dei beste løysningane på dei problema me står ovanfor i dag i det norske samfunn. Eg angrar ikkje! Eit medlemsskap i Unge Høgre er det klokaste valet eg har gjort, gjevande og gøy!

QUIZ: Kva veit du om Høgre?

– Kvifor meiner du ungdom frå Sogn og Fjordane bør røyste Høgre?

– Dei raudgrøne har no fått styrt i åtte år, og politikken deira viser dårlege prioriteringar og idear. Dei har vedteke 18-årsgrense på solarium, men meiner at elevar som er 16 år, er gamle nok til å bestemme kven som skal styre landet. Høgre har dei beste ideane og dei beste løysningane. Me trur på moglegheiter for alle, og ikkje minst meir fridom til enkeltmennesket.

Kva meiner du stemmerettsalderen bør vere, og kvifor?

– Stemmerettsalderen bør vere 18. I ein alder av 16 år tykkjer eg at ein er for ung til å bestemme kven skal som styre. Når ein er 18, kan ein og ta andre viktig val, og ein får nye moglegheiter enn kva ein hadde som ikkje-myndig. Dette er i tråd med at stemmerettsalderen og burde den burde vere 18. Dei som er politisk interesserte som 16-åringar, er i mindretal. Når ein er 18, er ein vaksen, og eg meiner då at ein er meir klar til å bestemme kven som skal styre. 

– Når du seier at ein i ein alder av 16 år er for ung til å bestemme kven som skal styre – kvifor meiner du at du skal kunne vera med på å bestemme politikken til partiet som etter meiningsmålingane kan sjå ut til å få statsministeren etter valet?

– Eg seier det, fordi majoriteten av alle 16-åringar er for unge til å bestemme kven som skal styre landet. Det er langt i frå alle som er politisk interesserte. Ein stor del er av alle 16-åringar er ikkje fullvaksne slik som ofte ein 18-åring er. Det er inga grunn til å senke stemmeretten til seksten år. Det er mange måtar å påverke på, utan å naudsynlegvis vere 18. Unge Høgre er for at stemmerettalderen skal vere 18, fordi me er for éin myndigheitsalder. 

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Les fleire saker om stemmerett her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE