Vil ha slutt på diskettar og faks på sjukehus

No gjev helseministeren 70 millionar kroner for å bli kvitt diskettar og faks.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha slutt på diskettar og faks

Disketten er ikkje død, sjølv om det er fleire år sidan nye PC-ar blei leverte med diskettstasjon. På norske sjukehus er det framleis vanleg.

Det er før revidert statsbudsjett blir lagt fram tysdag, at helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) no går ut og legg 70 millionar kroner ekstra på bordet for å kunna pensjonera datadisketten og papirfaksen for godt, fortel NRK.

Målet til helseministeren er at alle norske sjukehus neste år skal gå over til å senda viktige papir og pasientjournalar digitalt. Det skal bli slutt med å senda desse med faks, post og drosje.

– Vi høyrer litt for mange av dei historiene der dokument som blir borte, at diskettar blir sende i drosje eller med posten. Det skal vi bort frå. Vi skal over på det som er moderne og som er Noreg verdig, seier Støre til NRK.

Dei 70 millionane kjem på toppen av den andre satsinga på å gjera norske sjukehus heildigitale.

– I år vil vi ha alle kommunane oppe og stå på Helsenett. Og så vil vi neste år ha all kommunikasjon elektronisk, og ingenting på papir, understrekar helseministeren. (©NPK)