Krevjande skulekvardag

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Doktorgradsstipendiat og kjønnsforskar Helene Toverud Godø har undersøkt korleis ungdomsskuleelevar handterer krav i skule og samfunn. I nær eitt år gjorde ho feltarbeid på ein baseskule i austlandsområdet. I tillegg gjorde ho feltarbeid på ein meir tradisjonelt organisert skule i ein kortare periode. Gjennom intervju og observasjon leita ho etter elevane sin eigne tolkingar av skulekvardagen.

Sosiale og faglege krav

Korleis handterer barn og unge faglege og sosiale krav i skulen? Og kva rolle spelar læraren? Det var somme av spørsmåla Godø ville finne svar på. I midten av april disputerte ho på doktorgrada ”Ungdomskrav – skolekrav- livsrom.  En analyse av ungdomsskoleelevers håndtering av faglige og sosiale krav i skole og samfunn” ved Universitetet i Oslo.

Doktorgrada er del av eit større forskingsprosjekt ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking. Prosjektet ”Nye kjønn, andre krav? Likestillingens barn i skole og familie” vil bidra med kunnskap som betre kan leggje til rette for at jenter og gutar får like mogelegheiter for utvikling og utdanning.

Blant Godø sine viktigaste funn er at sosiale og faglege opplevingarmå sjåast i samanheng.

– Ungdommane brukar store delar av dagen på skulen. For å trivast fagleg er det sosiale viktig. Dersom vi skal forstå korleis unge har det på skulen må vi sjå det faglege og det sosiale i samanheng, fordi begge aspekta er viktige for elevane si sjølvforståing og opplevinga av mogelegheiter og avgrensingar, fortel Godø.

Mannlege lærarar er viktig støtte

Særleg har Godø vore oppteken av lærarane si rolle. For mange av elevane var støtta dei fekk frå lærarane veldig viktig, og særleg for gutane.

– Dersom jentene hadde problem eller uroingar snakka dei ofte med vener og familie. Gutane snakka mindre med vener, og trakk i staden fram læraren som ein viktig støttespelar. Dei fortalde mykje til lærarane, og opplevde å få støtte på mange ulike måtar. Støtta kunne vere praktisk, som at læraren delte maten sin med dei eller hjalp dei ut av konfliktar. Eller støtta kunne vere emosjonell. Særleg søkte gutane til mannlege lærarar,  sjølv om også støtte frå kvinnelege lærarar vart trukke fram som viktig, fortel kjønnsforskaren.

I 2013 er kring 26 prosent av lærarane i grunnskulen menn og andelen er lågare enn tidlegare år. Somme har hevda at fleire mannlege lærarar gjev betre resultat for gutar i grunnskulen, men dette er omstridt. Andre funn tyder på at elevane lærer like mykje uavhengig av om læraren er kvinne eller mann.

Godø finn det interessant at det ikkje var den typiske maskuline mannsrolla elevane i hennar studie sat pris på.

– Det var ikkje først og fremst det at den mannlege læreren var kul eller tøff dei trakk fram var viktig. Heller var det at han forstod gutane og brydde seg om korleis dei hadde det, og at han hadde humoristisk sans og hjalp dei å løyse konkrete problem, fortel Godø.

Reagerte på nivådeling

Ungdomsskulen der Godø gjorde feltarbeid praktiserte nivådeling. I tillegg hadde skulen ei særeigen blanding av nivådeling og aldersdeling, der elevar frå alle trinn var saman i dei svakare og sterkare gruppene. Ein del av elevane på skulen kunne reagere sterkt på å bli plassert i dei svake gruppene.

– Reaksjonane gjekk ikkje så mykje på det faglege som på det sosiale. Elevane frykta at dei skulle bli meir utanfor om dei hamna i ei svak gruppe. Alder var òg ein viktig dimensjon. Dess eldre elevane var, dess sterkare opplevde dei det som eit nederlag å bli plassert i ei svak gruppe saman med yngre elevar. Elevane sine opplevingar syner at det faglege og sosiale heile tida er to sider av same sak, seier Godø.

Særleg hos jentene kunne ein plass i dei svake gruppene frambringe sterke reaksjonar.

– Jentene kunne oppleve større forventingar om å få gode resultat på skulen og mange uttrykte at det var svært negativt å bli plassert i dei svake gruppene. I tillegg røska nivådelinga i sosiale grupperingar og venekrinsar, fortel Godø.

Doktogradstipendiaten fann dessutan at organiseringa gjorde skulekvardagen krevjande for elevane.

– Måten skulen organiserte skulekvardagen medverka til å forsterke forskjellar. Det hang saman med at elevane måtte arbeide sjølvstendig i omstende som ofte var urolege. Også lærarane fortalde at dei strenge krava til å arbeide sjølvstendig kunne vere tøffe for den enkelte i skulen.

Komme elevar til gode

Godø håpar hennar studie og resten av forskingsprosjektet kan komme elevar og lærarar til gode.

– Eg håpar kunnskapen kan medverke til å sjå betydinga det sosiale har for det faglege for dei unge. Nivådeling kan vere bra for dei fleste, også for elevar i svake grupper. Men når ein ser på samspelet mellom det sosiale og skulen si organisasjonsform, finn ein både negative og positive sider.