Skal etterutdanna alle i ungdomsskolen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her skal alle bli etterutdanna

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) meiner tiltaket vil gi ein meir praktisk og variert ungdomsskole.

– Vi veit at motivasjonen til elevane går ned frå femte trinn og er aller lågast på tiande trinn. Målet vårt er å auke motivasjonen og meistringskjensla til elevane. Det vil også motverke fråfallet i vidaregåande opplæring, seier ho.

Lærarar på ungdomstrinnet får tilbod om kompetanseheving innan klasseleiinga, rekning, lesing og skriving. Etterutdanninga går føre seg på den enkelte skolen, og skolen må sjølv bestemme kva for utdanningsområde dei vil prioritere.

Lærarar frå 258 skolar startar etterutdanning si til hausten. Om fire år skal alle lærarar ha fått kompetanseheving innan eitt eller fleire område.

Etterutdanninga er allereie prøvd ut i 22 kommunar i inneverande skoleår. (©NPK)