Krise i sauefjøsen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har aldri opplevd liknande i mine 30 år som sauebonde, seier Kjell Ove Hauglum i Framfjorden.

Våren er kraftig forsinka og det skaper frustrasjon blant saubeønder i Sogn.

– Eg er nøydd til å ha ut sauer og lam ut etappevis, elles blir det for trangt og tungvint. Seks sauer med lam går fritt på Holane, men eg må fóra avdi det ikkje finst nokon ting å eta på. Og eg blir nøydd til å ha ut meir dyr i løpet av veka, seier bonden.

Sjeldant
Våren er bort i mot ein månad forsinka. Og april har ikkje bydd på perioder med temperatur som skaut fart på grasvoksteren.

– Her hjå oss er 25. april normal dato å sleppa ut sauer og lam. Då er beita gode og næringsrike, med friskt gras til å ta i mot dyra.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Lovande varsel
– At me passerer 1. mai utan å ha sleppt ut tyngda av buskapen, er sjeldan, seier Hauglum.

Langtidsvarselet er oppløftande til sogningar flest, og saubønder spesielt. Temperaturen aukar jamt framover mot helga og den vil pressa seg over 10 grader frå søndag og ut i neste veke.

– Eg håpar me får varme som får fart på våren. Om situasjonen ikkje er direkte kritisk, hadde det likevel vore godt å kunne senka skuldrane med sol og varme, seier Kjell Ove Hauglum.

Ekstremvinteren med lange kuldeperiodar og lite snø i terrenget gav unormalt mykje tele og Framfjorden er ikkje unnatak.

Les siste landbruksnytt her!

Sein lamming
– Eg sjekka for eit par dagar sidan og berre øvste laget på 30 centimter er telefritt. Det er med og forsinkar grasvoksteren, seier Hauglum.

Sauebonden har 120 sauer som skal lamma denne våren.

– Eg har i fleire år satsa på sein lamming samanlikna med mange andre i kommunen. I år sler det heldig ut, seier Kjell Ove Hauglum som er komen halvveges i lamminga.

Les saka i Sogn Avis!