Google godkjenner Palestina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det stadfesta selskapet fredag. Endringa tok til å gjelda tidlegare i veka.

– Vi endrar namnet frå «Dei palestinske områda» til «Palestina» i alle produkta våre. Vi har vore i kontakt med ei rekkje kjelder og styresmakter i arbeidet med å setja namn på land. I dette tilfellet følgjer vi FN og andre internasjonale organisasjonar, seier talsmann for Google, Nathan Tyler.

Også i Noreg er Palestina no teke i bruk som offisiell nemning. Palestina er sett saman av den okkuperte Vestbreidda og Gazastripa. (©NPK)

Prøv deg på Midtausten-quizen vår!