– Dei borgarlege partia sviktar unge
Unge blir klart underrepresentert på Stortinget i neste periode. Men dei raudgrøne partia er langt betre enn dei borgarlege på å sørgja for unge representantar på Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Sviktar ungdommen
Måndag 29. april legg LNU – Norges barne- og ungdomsorganisasjoner fram sin årlege Resultatrapport. I år er temaet representasjonen til unge i politikken. LNU har sett både på kor flinke dei ulike partia er til å nominere unge kandidatar (18-29 år) på toppen av stortingsvallistene frå dei ulike fylka, og kor mange unge kandidatar som har reelle sjansar til å kome inn på Stortinget.
Unge blir underrepresentert på Stortinget
LNU meiner resultata er nedslåande:
• Berre sju personar under 30 år er nominert på førsteplassen av i alt 133 lister. Dette tyder at talet på unge kandidatar blant listetoppane berre er 5,26 prosent.
• Berre 14 listekandidatar under 30 år har gode sjansar for å bli valt inn på Stortinget til hausten, av totalt 169 stortingsplassar. Talet på unge representantar på Stortinget vil dermed bli berre 8,3 prosent, medan aldersgruppa 18-29 år utgjer om lag 15,5 prosent av den norske folkesetnaden.
– Underrepresentasjon av unge er eit demokratisk problem. Unge er ekspertar på eigne liv, og erfaringane deira trengst i politiske organ for at dei skal kunne ta best moglege avgjersler, meiner påtroppande leiar i LNU, Stian Seland.
I inneverande stortingsperiode var 10 av 169 stortingsrepresentanter under 30 år då dei blei vald inn i 2009. Ved valet i 2005 var 13 av representantane under 30 år då dei blei vald.
LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar
Dei raudgrøne best på ungdom
SV er klart best på å nominera ungdom på vallistene. I alt 29,2 prosent av kandidatane til partiet på dei fem øvste listeplassane er under 30 år. Dei raudgrøne vil òg få inn langt fleire unge stortingsrepresentantar. Medan Arbeidarpartiet ligg an til å få inn sju representantar under 30 på Stortinget, ligg Høgre an til å få inn berre tre under 30, trass i at Høgre ligg an til å få inn fleire stortingsrepresentantar totalt. Frp ligg berre an til å få inn éin representant under 30 år av totalt 28 stortingsrepresentantar.
– Unge politikarar skaper nærleik til det politiske systemet for unge veljarar. Dette kan bidra til å auka engasjementet blant unge veljarar, og gje demokratiet auka legitimitet. Difor må dei politiske partia, og særleg dei borgarlege, ta ansvar for i større grad å nominera unge kandidatar på listeplassar med reelle høve for å kome inn på Stortinget, seier Seland.
LES OGSÅ: – Meir enn ein ”Utøya-effekt”
På vippeplass
Leiar i Framstegspartiets Ungdom, Himanshu Gulati (24), står sjølv på fjerdeplass på Frp i Akershus si stortingsvalliste. Partiet ligg i dag an til å få tre representantar frå dette fylket, ifølgje Pollofpolls.no. Sjølv meiner Gulati at sjansen hans til å koma på Stortinget er 50 prosent. Han tilbakeviser at Framstegspartiet sviktar unge:
– Inntrykket mitt er at Framstegspartiet har vald å plassera fleire unge kandidatar på kampplass på stortingslistene. Gjer me eit godt val, så vil FpU få inn fleire representantar på Stortinget, seier han til Framtida.no.
– Unge representantar er med på å friske opp valkampen. Dessutan forstår unge kandidatar seg betre på ungdomssakene, legg han til.
Faktaboks
Unge kandidatar / alle kandidatar
Ap: 7 av 51
H: 3 av 57
Frp: 1 av 28
SV: 1 av 8
Sp: 0 av 8
KrF: 1 av 9
V: 1 av 7
R: 0 av 1
Basert på snittmålingar av Pollofpolls.no i heile februar månad 2013.
Les heile rapporten frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner her!