KrFU meiner Noreg bør ha mål om å fanga meir CO2 enn me slepp ut i atmosfæren.

mm

På sikt bør Noreg fanga CO2, og kjøpa kvoter som gjer at me vil bli CO2-negative. Me har allereie hatt stor industriell utvikling, og det er vår plikt å bidra til svært store kutt, slik at andre og fattige land kan auka velferda si.

Det kjem det fram i eit forslag som KrFU tar opp på landsmøtet til KrF i helga.

– Me veit at det er i landa med minst ressursar at klimaendringane vil ramme hardast. Derfor er klimakampen ein kamp for menneskeverdet, sa 1. nestleiar i KrFU, Emil André Erstad, frå talarstolen torsdag ettermiddag.

Vil tenkja klima
Klimavalg 2013
rangerer dei politiske partia etter kor god klimapolitikk dei har. KrF hamna på ein 4. plass med karakteren 4/5 – ein karakter bak Venstre, SV og Miljøpartiet Dei Grøne. Det er ikkje Erstad nøgd med.

– Viss landsmøtet tenker klima heile vegen når me stemmer over kvart einaste endringsforslag, så kan me bli eit av dei fremste klimapartia på Stortinget, seier Erstad.

I tillegg til å kjøpa kvoter vil han at det blir fullskala CO2-rensing av minimum to store punktutslepp på land og reinsing av eit nytt kolkraftverk på Svalbard innan 2020.

Han vil òg at klimagassutsleppa til Noreg blir redusert med minimum 30 prosent innan 2020, og at to tredjedelar av dette blir tatt nasjonalt. Ungdomspartiet vil òg ha redusert utvinningstempoet i petroleumsindustrien.

– Me må òg vri skattesystemet i grøn retning. Det må løna seg å vera klimavenleg, seier Emil André Erstad til Framtida.no.

QUIZ: Kva veit du om KrF?

Vil ha grønt oljefond
KrFU vil også vri alle oljefondet sine investeringar frå fossil til fornybar energi. Til saman er det snakk om 250 milliardar kroner.

Denne saka er hovudprioriteringa til KrFU.

– For å få ned dei globale klimagassutsleppa må den fossile industrien reduserast kraftig. Ved å investera i denne industrien viser Statens pensjonsfond Utland at Noreg ikkje trur på klimaendringane og løysingane på dette, heiter det i grunngjevinga til ungdomspartiet.

LES OGSÅ: Vil mala oljefondet grønt

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

Kommentarar

ANNONSE