Vann NM med song, dans og sprell

Noregs beste Ungdomsbedrift 2013 heiter Folkelokk UB og kjem frå Hardanger.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til dagleg er dei tre jentene elevar ved Odda vidaregåande skule. I dag utgjer trioen Noregs beste Ungdomsbedrift 2013. Sigeren betyr EM-billett til London der dei skal representera Noreg i konkurranse med dei beste ungdomsbedriftene frå heile Europa.

– Det er den beste kjensla eg har hatt. Det er ei blanding av glede og overrasking. Me hadde lyst til dette, me såg at det var mange flinke ungdomsbedrifter på NM. Me er i sjokk! seier dagleg leiar i Folkelokk UB, Margit Kvalvik.

Bedrifta tilbyr skreddarsydde kulturopplevingar med folkemusikk og dans – ispedd deira eigen ungdommelige vri.

LES OGSÅ:Vinn fram med folkemusikk

– Smittande entusiasme
I grunngjevinga til juryen heitar det blant anna:

"Smittande entusiasme og begeistring, høg innleving og integritet er avgjerande for å lukkast. Når dette brennande engasjementet blir kommersialisert blir det òg god bedrift. Solide og reflekterte svar på alle spørsmål, både det å styre føretak og ha kontroll på økonomi. Føretaket har sterkt kundefokus og er allereie etablert i marknaden. Føretaket har òg eit innovativt namn, som lokkar oss til å trekkje dei heilt fremst."

– Folkelokk UB tok juryen og NM med storm, no står EM i London for tur. Ikkje berre er desse jentene særs gode musikarar; Dei er òg drivande dugelege og ambisiøse forretningskvinner. Eg gler meg! seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Noreg.

LES OGSÅ:Karakter-jag skaper færre gründerar

Gjev resultat

Slungård håpar at lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar over heile landet blir inspirert til å satsa når dei ser verdien ungdomsbedrifter har for elevane.

Det er gjennomført over 20 ulike forskingsprosjekter på effekten av entreprenørskap i utdanning. Hausten 2011 gjennomførde Østlandsforskning undersøkinga Ungdomsbedrift og entreprenørskap. Undersøkinga viste at 33 prosent av dei tidlegare UB-elevane hadde leiaransvar mot 25 prosent i kontrollgruppa. 12 prosent av dei som hadde drive Ungdomsbedrift hadde etablert eiga verksemd mot 8 prosent i kontrollgruppa – det vil seie 50 prosent høgare etableringsrate.

– Dette seier litt om kva Ungdomsbedrift gjer med elevane. Dei blir meir ambisiøse, dei ser fleire høve i livet sitt og dei tør å gå for draumane sine. Med andre ord: Dei vil, tør og kan! seier Slungård.

LES OGSÅ:Rekordmange ungdomsbedrifter

Ynskjer større engasjement

Programmet Ungdomsbedrift og organisasjonen Ungt Entreprenørskap (UE) er med i den nasjonale satsinga på Entreprenørskap i utdanninga (EiU). Det er eit samla Storting som står bak og satsinga er forankra i fleire stortingsmeldinger. Frå 2003 har regjeringa løfta EiU som satsingsområde i strategi- og handlingsplanar og fire departement er direkte involvert.

– Me treng fleire i Noreg som ser mulegheiter og gjer noko med dei. Dette er eigenskapar som elevane trenar når dei jobbar med entreprenørskap i skulen. Kommunar og fylke som skuleeigarar bør sørgja for at entreprenørskap blir ein naturleg del av handlingsplanar og satsingar. Erfaringa elevane får med seg kjem både dei sjølv, samfunnet og framtida til gode, seier Maalfrid Brath. Brath er konsernsjef i ManpowerGroup og vart i dag valt samrøystes til ny styreleiar i Ungt Entreprenørskap Noreg. Ho erstattar Vibeke Hammer Madsen som har vore styreleiar i organisasjonen i ti år.

Jentetrioen skal representere Norge på EM i London. Frå venstre: Maalfrid Brath, Margit Kvalvik, Eirin Tjoflot, Aurora Aarhus Opheim og Anne Kathrine Slungård. Foto: Kaja Baardsen/Ungt Entreprenørskap.

Faktaboks

 

Om NM for Ungdomsbedrifter
• NM for Ungdomsbedrifter blir omtala som Noregs mest kreative meisterskap. 83 ungdomsbedrifter hadde kvalifisert seg gjennom fylkesvise konkurransar.
• Det blei delt ut prisar i 17 ulike kategoriar.
• I to dagar har dei unge gründerane representert ungdomsbedriftene sine på stand, presentert seg på scene og vorte intervjua av dei over 100 dommarane.

Beste ungdomsbedrift
1. plass: Folkelokk UB, Odda videregående skole, Hordaland
2. plass: Prosleeve UB, Ski videregående skole, Akershus
3. plass: Soda Stick UB, Thor Heyerdal videregående skole, Vestfold

Sjå dei andre prisane her!