SV vil gi romfolk dusj og toalett
Regjeringa held korta tett til brystet og vil ikkje røpe innhaldet i tiltakspakken for romfolket, men Sosialistisk Venstreparti kjempar for at romfolk skal få tilgang til dusj, toalett, seng og suppe.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statssekretær Pål K. Lønseth (Ap) i Justisdepartementet sa torsdag at regjeringa snart skal leggje fram ei tiltakspakke, men han ønskjer ikkje å gå inn på kva ho skal innehalde.
SV-representanten i justiskomiteen på Stortinget, Akhtar Chaudhry, seier at partiet hans kjempar intenst for standpunktet sitt i dette arbeidet.
– SV arbeider beinhardt i regjeringa og Stortinget og andre stader for at tilreisande romfolk skal kunne fungere som menneske, seier han til Aftenposten.
Han synest Noreg godt kan innføre kortsiktige tiltak som tilbod om dusj og toalett. På lang sikt meiner han at Europa har eit felles ansvar for å løfte denne folkegruppa ut av fattigdommen.
– Sosialpolitisk er dette eit stort problem i Europa. Da gjeld det å komme med tiltak som gir romfolk ein pust i bakken – tilgang til dusj, toalett, ei seng og ein kopp suppe, seier han.
LES OGSÅ: – Vi bør ikkje gi til tiggarar
Regjeringa har før foreslått at politiet skal kunne regulere tigginga med tiggarfrie soner og meldeplikt. Oslo kommune ønskjer seg ingen av dei foreslåtte tiltaka og vil heller ha eit totalforbod mot tigging. Det er uaktuelt, har regjeringa sagt tidlegare. (©NPK)
Kva synest du om behandlinga av romfolk? Bør det bli forbode å tigga?