Lokalbanken på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fyrste omgang får dei som har lasta ned lokalbank-appen valet mellom bokmål og nynorsk når dei skal sjekke banksaldo eller betale rekningar, etter å ha gjort ei oppdatering på telefonen.

– Dette er gode nyheiter for alle kundane våre som har nynorsk som hovudmål. Nynorske versjonar har vore etterspurt av mange kundar og me er stolte av å vera ein av dei fyrste bankane i Noreg som tilbyr kundane val av målform i mobilbanken, seier assisterande banksjef Harriet Slaaen.

Kundeansvarleg Live Strand legg til at dei jamleg får spørsmål om nynorsk, både frå mållag og kundar, og at også dei tilsette har ivra etter nynorsk.

– I løpet av året fylgjer me opp med nettbank og heimesider på nynorsk, seier Strand.

– Seljord sparebank er ein nynorskbank og ein del av ein større allianse. Me har fokus på språk, men det er rom for forbetringar, legg Slaaen til.

Banksjef Ben Roger Elvenes har likevel fått fritak frå nynorsk, og har skrive forordet i den nye kundeavisa på bokmål.

– Det er eit bevisst val. Han snakkar og skriv bokmål, og då blei det naturleg, seier Slaaen.

Seljord sparebank er ein del av Eika-gruppa, tidlegare Terra, med kring 80 andre lokalbankar. Slaaen og Strand er glade for at dei har påverknadskraft, og trekkjer fram kollegaer i Bø sparebank som sentrale i arbeidet med å implementere nynorsk.

– Det blir ein nynorsk som er tilpassa heile landet. I alliansen er det bankar frå sør til nord, seier Slaaen.

Mobilappen «Lokalbanken i lomma» har blitt populær etter han blei lansert for vel eitt år sidan. Totalt har dei kring 80 bankane meir enn 45 000 kundar som brukar appen dagleg. 25 prosent av alle nettbankbrukarar brukar appen.

Les saka i Vest-Telemark Blad!