Fiskeslo mot halsvondt i framtida

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fiskeslo mot halsvondt

Forskarar i Bergen har funne fram til ein ny metode kor ein ved hjelp av bioteknologi kan gjere om fiskeslo til alt frå plast til medisinar, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

I dag vert om lag halvparten av fiskerestane brukt til mat til husdyr, medan resten vert kasta på havet. Nye funn på havbotnen kan gjere dette til historie.

– På 2500– 2600 meters djup er det høge trykk, det er mørkt og det er høg temperatur. Dei mikroorganismane som finst der nede må tole ekstreme forhold, seier forskar Ida Helene Steen ved Senter for Geobiologi ved Universitetet i Bergen. Ho leier eit bioprospekteringsprosjekt nord for Jan Mayen, kor ein har funne desse mikroorganismane.

LES OGSÅ: Vil laga fiskefôr av Mongstad-eksos

– Slike ekstreme habitat er kjende for å fungere som eit genetisk reservoar for enzym, seier Steen.

Dei spesielle mikroorganismane har unike gen som gjer dei godt eigna til å lage enzym. Enzyma bruker ein for å gjere restråstoffet frå fisken om til pepton, eit protein. Det er pepton ein håpar ein i framtida kan gjere om til både penicillin og insulin.

Senter for geobiologi har no fått midlar frå Forskingsrådet for å arbeide vidare med desse funna.