Dramatisk nedgang for teikneseriar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dramatisk stup for teikneseriar

På nittitalet las over halvparten av alle mellom 9 og 15 år teikneserieblad i løpet av ein dag. I 2012 var talet 17 prosent. For aldersgruppa 16-24 år har talet gått ned frå 17 prosent i 1996 til 4 prosent i 2012. Det viser ferske tal frå Norsk mediebarometer.

Ein gjennomsnittsnordmann brukte i fjor eitt minutt om dagen på teikneserieblad. Berre fire prosent av alle nordmenn las teikneserieblad på ein gjennomsnittsdag.

– Det er veldig synd, men eit teikn i tida, seier leiaren for teikneseriefestivalen Raptus, Arild Wærness.

Internett får skulda

– Hadde ikkje internett og dataspel kome, hadde me ikkje sett dette. Dataspel stel mykje av tida til dei som elles hadde lese teikneseriar. Internett stel endå meir tid, seier Wærness.

Johann Grimstvedt, kjent for serien Dei andre, er samd i at internett må ta sin del av skulda.
– Det finst fleire typar kvalitetsprokrastinering no enn før. Eg trur det har skapt ein vond sirkel, seier han til Framtida.no.

På spel- og teikneseriebutikken Outland i Oslo, treff me på Oda Lotherington (12) og Helene Staff (15). Dei gjev nettet, tv-seriar og smarttelefonar skulda for at ikkje så mange les teikneseriar.

– Eg elskar teikneseriar. Eg har over 200 teikneseriebøker heime, seier Oda Lotherington.

– Det er nok dei veldig interesserte som les teikneseriar ofte, seier Helene Staff.

Donald Duck skrupar inn
Flaggskipet Donald Duck har gått kraftig ned frå eit opplag på kring 250.000 eksemplar i veka på 80-talet til 60.326 i 2012. Frå 2011 til 2012 gjekk opplaget ned med kring 7909 blad.

– Det fellesomgrepet som Donald har vore i samfunnslivet er vekke om ein generasjon. Teikneseriar som heftekultur er vekke om ti år, spår Arild Wærness.

LES OGSÅ: Nynorske zombiar inntek festival

– Teikneserier blir som jazz og moderne kunst
– På 90-talet hadde ein Pyton og Noreg var litt i ei slags eksperimentell fase når det gjaldt teikneseriar. Ein testa kva som gjekk an og dytta grensene, på ein måte som var allment tilgjengeleg. Det er jo enno eksperimentelle miljø som prøver nye eller annleis ting, men du ser ingen av dei i butikkhyllene på Meny eller Ica no, seier Johann Grimstvedt.

– Eg har kjempa for teikneseriar for massane i alle år, men det går meir og meir mot at det blir for spesielt interesserte – til liks med moderne kunst og jazz, seier Wærness.

Han legg til at teikneseriefestivalar sel som hakka møkk, men forblir eit unntak i ei utvikling som òg internasjonalt går mot mindre sal av dei store teikneseriane.

Conan slutta som blad i Noreg i 2012, og Fantomet hanglar vidare.

– Det mest enkle er vekke, seier Wærness.

LES OGSÅ:Draumen er å gi ut teikneseriebok

Framgang for grafiske romanar
– Me sel veldig mykje teikneseriar, og merkar ei auka interesse, seier Ellen Gullberg, dagleg leiar ved Outland i Oslo.

Det ho sel mest av er grafiske romanar. Nokre av dei er barnevennlege, men mesteparten er retta mot vaksne. Ved butikken deira i Bergen sel dei òg ein del meir av dei norske stripeseriane, sidan mange av forfattarane, som Frode Øverli, er frå dette området.

Filmar og tv-seriar som Avengers og The Walking Dead gjer at folk blir interesserte i teikneseriane.

– Me har litt Donald òg, men då er det spesielt klassikarane til Don Rosa og Carl Barks som me sel til noko  eldre folk, seier Gullberg.

LES OGSÅ:Teiknar kvardagen i det ekstreme

Krev forlag som satsar
Raptus-general Arild Wærness viser til at det på 80- og 90-talet var tre store teikneserieforlag. I dag er det berre Egmont som er store igjen. Schibsted si satsing er det lite igjen av. M av Mads Eriksen har gått inn. Det same er Eon av Lars Lauvik. Pondus er framleis ein bauta blant norske teikneseriar. Opplaget var 74775 i 2012, ned 3655 frå året før.

– Forlag tør ikkje satse på forskjellige teikneseriar fordi det ikkje finst ein lesargruppe for dei. Det finst ikkje ei lesargruppe for dei fordi folk ikkje veit det eksisterer. Dette krev jo at forlag anten må røre seg ut av komfortsona si, som det verkar som blir mindre og mindre for kvar dag, eller at teikneserieteiknarane må sikra ein så stor hype rundt sin eigen serie at forlaga ikkje har noko anna val enn å kasta pengar på serien, seier Johann Grimstvedt.

– Det er veldig trist, for når ein byrjar å oppsøkja teikneseriar ein trur ein vil like så finst det ei gullgruve av kvalitetsteikneseriar, både på norsk og engelsk, som ein ikkje treng vere teikneserienerd for å setja pris på, seier Grimstvedt.

Arild Wærness meiner det er satsa for lite på skikkeleg teikneseriekvalitet for born.

– Eg sa det for 10-15 år sidan, og no ser me konsekvensen av det, seier han.

LES OGSÅ:Pondus legg om til dialekt

Sterkt teikneseriemiljø
Johann Grimstvedt meiner det er eit sterkt teikneseriemiljø i Noreg.

– Det eg har lese av norsk i det siste er Kanon av Lars Fiske og Steffen Kvernland, og Bjartmann av Øystein Runde. Begge kan tilrådast på det sterkaste.

I tillegg får han ein dagleg dose teikneserie gjennom å jobbe med Überpress.

– Det minner meg om kor mange flinke folk som finst i Noreg. Flinke folk som ingen veit eksisterer, bortsett frå oss, då, seier Grimstvedt.

– Det norske teikneseriemiljøet er større enn nokon gong, seier Gunnar Wærness.

– Men flesteparten lever på statsstøtte, legg han til.

– Er det noko det offentlege kan gjera?

– Det offentlege gjer meir enn nok for teikneseriane. Det einaste eg trur kan bli betre er å støtta meir dei som reiser rundt for å fortelja om teikneseriar på skulane. Det er det beste verkemiddelet for å nå ut, seier Arild Wærness. Sjølv har han hatt kring 250 føredrag om teikneseriar. Han håpar på at teikneseriar får ein plass i den kulturelle skulesekken.

– Ein lærer å ta i bruk hjernen når ein les teikneseriar, seier Wærness.

Kva meiner du skal til for at fleire skal lesa teikneseriar?

Faktaboks

FÆRRE LES TEIKNESERIAR:

• 4 prosent av oss les teikneserieblad i løpet av eit døgn.
• Lesing av slike blad har gått ned dei seinare åra.
• Barn er dei ivrigaste lesarane, men talet har gått kraftig ned frå 1990-åra.
• Gutar les slike blad i større grad enn jenter.
• Donald Duck er mest lese blant både jenter og gutar

Av teikneserielesarane er det så mange som les desse teikneserieblada på ein vanleg dag:
Donald Duck: 57 %
Pondus: 25 %
Nemi: 5 %
Billy: 6 %
Fantomet: 1 %
Tom & Jerry: 1 %
Andre: 17 %

Så mange har lese teikneserieblad på ein vanleg dag:
Vestlandet: 6 %
Oslo/Akershus: 4 %
Austlandet elles: 3 %
Trøndelag: 4 %
Agder/Rogaland: 4 %
Nord-Noreg: 2 %

Sjekk alle talai Norsk mediebarometer her!