– Ap snur ryggen til ungdommen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Med i underkant av 2/3 fleirtal går Arbeidarpartiet sitt landsmøte inn for at ein skal greia ut konsekvensane av å starta oljeverksemd I havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

– I dag går Arbeidarpartiet til kamp mot fisken, ungdomen og all tilgjengeleg kunnskap. Det er ein kamp vi aldri skal la dei vinna, seier leiar I Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

– Har mista miljøtruverde

Etter krav frå Regjeringa har det heilt sidan 2002 blitt henta inn stadig meir kunnskap om desse havområda. Det er gjort gjennom to forvaltningsplanar og ei kunnskapsinnhenting som enno ikkje er ferdig. På bakgrunn av denne kunnskapen frarådar alle miljøfaglege etatar at Lofoten, Vesterålen og Senja blir for opna oljeboring.

– Med dette vedtaket har Arbeidarpartiet mista miljøtruverdet sitt. Denne saka representerer eit vegval og eit verdival for nasjonen vår. I dag har partiet gått til kamp mot fiskeria, naturen og ungdomen. Men eg kan lova dei ein ting: dette er ein kamp vi aldri skal la dei vinna. Lofoten, Vesterålen og Senja får dei aldri, avsluttar NU-leiaren i ei pressemelding.

QUIZ: Kva veit du om Arbeidarpartiet?

Omkamp

Sjølv om AUF ikkje fekk landsmøtet med på å seia nei til konsekvensutgreiing blei det vedtatt at ei eventuell opning av områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja må behandlast av landsmøtet i 2015.

– Oljetilhengarane har brukt landsmøtet til å kompromissa. No har Arbeidarpartiet slått fast at konsekvensutgreiing ikkje automatisk fører til opning. Eg trur vi vinn nei i 2015, seier AUF-leiar Eskil Pedersen i ei pressemelding, og legg til:

– Oljekampen er ikkje over. Vi har vist med dette landmøtet at vi flyttar partiet i ei meir miljøvennleg retning.

Kva synest du om oljeboring i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja?