Vil du gjendikte Joni Mitchell?

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2021 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det ein av dei dyktigaste låtskrivarane og tekstforfattarane i musikkhistoria som blir heidra, melder arrangørane.

Forfattar og omsetjar Brit Bildøen kjem for å sitje i juryen som skal avgjere kven av dei innsendte bidraga som trekk det lengste strået.

Ho vil i tillegg gjendikte valfritt ein av tekstene til Mitchell og stiller likt med dei som tek del i konkurransen når det gjeld innsendingsfrist, som er 15. juni.

«Vi utfordrer altså både lekmann og lærd over hele landet til å kaste seg på konkurransen», skriv arrangørane – som legg til at gjendiktinga skal vere på nynorsk eller dialekt.

LES OGSÅ: Mitchell og meg

I tillegg kan dei konkurrerande ta seg store fridommar. Bokstavtru omsetjing er nemleg ikkje nødvendigvis det som tel:

Å få på plass stemninga er likevel ein viktig faktor.

«Videre kan det være en fordel om rytmer og verselengder fungerer slik at sangen kan fremføres noenlunde likt med originalen», heiter det vidare.

Vinnarane blir heidra, og tekstane må bli framført, laurdag 6. juli. (©NPK)