Slår alarm om skuleforfall

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidstilsynet peiker på at millionar av offentlege kroner vert sløst bort på å la skulebygga forfalle, skriv Klassekampen.

– Situasjonen er alvorleg. Vi har uhorveleg mange døme på heilt uakseptable forhold, seier overlege Jan Vilhelm Bakke i Arbeidstilsynet. Han meiner skulane jamt over får altfor lite pengar til vedlikehald, noko som ikkje berre gir dårleg inneklima for elevane, men som også er dyrt i lengda.

LES OGSÅ: 37 kommunar strauk på inneklima

Fleire kommunar vel til slutt å byggje nytt i staden for å reparere den forfalne bygningsmassen. Det meiner Bakke er sløsing av offentlege kroner.

– Når ein byggjer nytt, kan årskostnadene verte så mykje som tre gonger høgare enn om ein heller vedlikeheld dei gamle bygga, meiner han.

Ifølgje Arbeidstilsynet er Trondheim og Voss best i landet til å halde ved like skulebygga sine, medan Bergen troner desidert på botnen. Også Oslo heng etter, men har vorte betre dei siste åra. (©NPK)

LES OGSÅ: Noko er ròte i Oslo-skulen