Fire av ti skular har ikkje gjort mobbevedtak

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mobbing forsvinn ikkje av seg sjølv

Ifølgje Bergens Tidende har éin av tre bergensskular ikkje gjort eit einaste mobbevedtak på tre år. Nasjonale tal syner også at mange andre skular i Noreg heller ikkje følgjer opplæringslova. Fire av ti skular har ikkje gjort slike vedtak som inneber at det vert oppretta ei mobbesak ved skulen med tilhøyrande tiltak.

Kunnskapsministeren reagerer sterkt på at så mange skular ikkje følgjer opplæringslova.

– Utan vedtak kan mobbesaker flyte over månader og år utan at dei stoppar, seier Halvorsen. Ho understrekar at eit mobbevedtak er forpliktande og definerer eit mobbeproblem knytt til eit barn.

LES OGSÅ: – Mobbeskulane må bøteleggast

– Problemet må du dokumentere, det forsvinn ikkje av seg sjølv, seier Halvorsen. Ho meiner skulane ikkje gjer jobben sin når dei unnlet å gjere mobbevedtak.

Tore Sveum er leiar for foreininga Stopp mobbingen. Han trur årsaka til at så mange skular ikkje følgjer opplæringslova er at dei er redde for å verte stempla som mobbeskular.

– Vi har inntrykk av at det er ein generell skepsis i skulane til å gjere vedtak, men ein skule som gjer vedtak er ein skule som tek mobbing på alvor og som arbeidd førebyggjande, seier Sveum til Bergens Tidende. (©NPK).

LES OGSÅ: Vil stenge mobbeskular

Kva meiner du bør gjerast for at færre skal oppleva å bli mobba?