– Forslaget til ny læreplan vil svekkje sidemålet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vil svekkje nynorsken

Direktoratet har arbeidd med nye læreplanar for fleire fag gjennom vinteren og framlegga har vore på høyring i vår. Den nye læreplanen i norsk har skapt mest diskusjon, og mange av forslaga som var sendt på høyring har fått sterk kritikk blant anna frå målrørsla.

Direktoratet har no landa på eit framlegg som undervisningsminister Kristin Halvorsen skal ta stilling til før sommaren. Den nye læreplanen skal gjelde frå neste skuleår. Målungdommen er ikkje nøgd med forslaget.

– Halvorsen, SV og dei to andre regjeringspartia gjekk til val på å styrkje sidemålsopplæringa i 2009. Dei har hatt tre og eit halvt år på seg no, så dette er siste sjanse til å innfri lovnaden. Det forventar vi at dei gjer, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Felles norskkarakter
Direktoratet går inn for felles norskkarakter både på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. I dag er det eigen standpunktkarakter i sidemål.

– Å gå bort frå ein obligatorisk karakter i sidemål er ikkje eit signal om at sidemål er viktig, seier Sture til Nynorsk pressekontor.

Rett nok kan elevane på ungdomsskulen framleis kome opp i sidemål, dersom dei blir trekt ut i norsk. Men det gjeld berre cirka ein tredel av elevane, resten blir altså ståande utan eiga vurdering i sidemål etter ungdomsskulen.

På vidaregåande går direktoratet inn for ein obligatorisk eksamen i sidemål etter VG2 studieførebuande. I dag kan elevane bli trekt ut til eksamen i sidemål etter VG3.

– Vi er glade for forslaget om ein obligatorisk eksamen i sidemål, spesielt sidan undersøkingar har vist at eksamensresultata i sidemål har vorte dårlegare etter at det vart trekkfag. Men dette er eit steg fram og to tilbake, seier Sture.

Han viser til at det blir eitt år mindre å lære sidemål på når ein skal avslutte etter VG2. Og det kan høyrast bra ut å kunne konsentrere seg om sidemålet i VG2, men kva skal læraren fokusere på dersom elevane har ulikt sidemål? Sture er redd for at dersom berre eit mindretal i klassen har nynorsk som hovudmål og bokmål som sidemål, kan dei bli pressa til å skifte for at læraren skal kunne konsentrere seg om eitt sidemål.

LES OGSÅ: – Bryt med norsk språkpolitikk

Ulike kompetansemål
Direktoratet går også inn for eigne og lågare kompetansekrav for sidemålet enn for hovudmålet. I dag er kompetansemåla felles.

Sture peikar på at det ikkje gir meining å lære seg eit språk halvvegs. Det vil dessutan føre til at elevane får mindre utteljing for å ha full kompetanse i sidemålet.

– Nynorskelevane vil få dårlegare vilkår for å kunne halde på nynorsken dersom dei framtidige medstudentane og kollegaene deira skal kunne endå mindre nynorsk enn i dag, seier han.

Målrørsla har heller ikkje fått gjennomslag for forslaget sitt om å starte sidemålsundervisninga tidlegare. (©NPK)

Les fleire saker om sidemålet i norskfaget her!