Norske bønder lagar mindre mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen norskprodusert mat har sokke frå 48 prosent i 2005 til 40 prosent i 2012. Utviklinga er bekymringsfull, meiner jordbruksorganisasjonane.

Det er nye tal frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf) som bekymrar bondetoppane, skriv Nationen.

Landbruksorganisasjonane er også bekymra for at sjølvforsyningsgraden på mat frå norsk landbruk dei fem siste åra har gått ned med fem prosentpoeng.

LES OGSÅ: Kraftig nedgang i jordbruksareal

– Ei av hovudårsakene til dette er svikten i kornproduksjonen. Berre ein tredel av kornet var norsk i fjor, seier rådgivar Mads Svennerud i Nilf.

Tala viser at ein må tilbake til 1989 og 1990 for å finne ein lågare sjølvforsyningsgrad enn i fjor.

Svennerud meiner at det dårlegare vêret dei siste åra har gitt dårlegare avlingar, noko som har ført til at produksjonen her i landet har gått ned og importen gått opp. I fjor produserte vi 83 prosent av forbruket av storfekjøtt.

Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag kallar utviklinga alarmerande og meiner at både landbrukspolitikken og kreftene som kjempar for stadig billigare mat også er med i årsakssamanhengen.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier regjeringa må gjere det meir lønnsamt å produsere meir mat her i landet og forventar derfor eit skikkeleg løft i det komande landbruksoppgjeret. (©NPK)

Kven har ansvar for at Noreg er mindre sjølvforsynt med mat frå jordbruket enn på lenge? Kva meiner du bør gjerast med landbrukspolitikken vår?