Venstre ynskjer meir nynorsk i alle fag
– Ein burde bruke både meir bokmål og nynorsk i ulike fag, ikkje berre i norskfaget, seier Sveinung Rotevatn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ynskjer nynorsk i alle fag
– Nynorsken er viktig for venstre, vi har alltid stått på for språkleg likestilling. Det gjer vi framleis, seier Sveinun Rotevatn, førstekandidat for Sogn og Fjordane venstre til NRK Sogn og Fjordane.
Forslaget om valfritt sidemål vart nedstemt på landsmøtet til Venstre i helga.
– I dette landet har vi to offisielle målformer. Det bør vere sjølvsagt at alle elevar lærer det norske språket i si fulle breidde, både på bokmål og nynorsk. Ikkje minst er det viktig for mindretalet at dei kan bruke målforma si i møte med fleirtalet, seier Rotevatn.
I det nye programmet heiter det at: "Elevane må møte breidda i det norske språket gjennom heile skulegangen, og begge målformer må brukast i andre fag enn norsk. Vi må ta utfordringane knytta til nynorsk som hovudmål på alvor, slik at elevane får eit kvalitativt godt tilbod og ei
opplæring som gjer at nynorsk blir eit reelt alternativ for dei som ønskjer det."