Varmaste somrar på 600 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan det var kjøleg og vått i Sør-Noreg i fjor, var det tørke og heitebølgjer i delar av Nord-Amerika. Og det er høge temperaturar som har vore typisk dei siste åra dersom ein ser på heile den nordlege halvkula.

Somrane i 2005, 2007, 2010 og 2011 var varmare enn alle tidlegare år heilt tilbake til 1400-talet, ifølgje ein ny studie gjort ved Harvard-universitetet i USA.

LES OGSÅ: Kuldemysteriet

I den vestlege delen av Russland, og truleg også vest på Grønland og nord i Canada, var sommaren 2010 den varmaste dei 600 siste åra.

– Desse og andre ekstremmålingar ligg langt unna det ein ville forventa i eit uforandra klima, heiter det i studien som er publisert i tidsskriftet Nature.

Overslaga over temperaturane for fleire hundreår sidan har forskarane kome fram til ved å studere årringar i gamle tre, iskjernar og sediment i innsjøar. (©NPK)

QUIZ: Ta den store klimaquizen vår!