Kuldemysteriet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Europa har hutra og frose dei siste vekene, i ein av dei kaldaste marsmånadene som er registrert på mykje av kontinentet. Så kor vart den globale oppvarminga av? Paradoksalt nok kan det vere nett oppvarminga av Arktis som gjev vinterkulda i Europa, hevdar ei veksande gruppe klimaforskarar.

Men først eit atterhald og eit tilbakeblikk: Ei svale gjer ingen sommar, og ein kald mars kan vere eit slumpetreff. I mars i fjor var det varmerekordane som vart slegne over mykje av Noreg. Men i løpet av dei siste fem vintrane har det vore ei rekkje harde kuldeperiodar i både Europa og Nord-Amerika. Særleg vinteren 2009–2010 vart det sett mange kulderekordar, også i Noreg. Den angsten somme hadde på 90-talet for at Sør-Noreg ikkje skulle få skiføre i framtida, ser ut til å ha vore alvorleg prematur.

For all del: Fem år er eit altfor kort tidsrom til at ein kan snakke om nokon klar tendens. Men vi kan i alle fall slå fast at dei mange kuldeperiodane ikkje er heilt etter boka. Vintrane i Noreg skulle jo bli mildare – det var ein av dei sentrale konklusjonane i RegClim-programmet i 2005. RegClim er det til no mest omfattande forsøket på ein prognose for korleis klimaendringane vil arte seg i Noreg. Konklusjonen om at Noreg kjem til å få meir nedbør har stått seg godt. Men kva med desse strenge kuldeperiodane – kor kjem dei frå?

Varme gjev kulde
Ei forklaring som har fått mykje merksemd det siste året, knyter paradoksalt nok kuldeperiodane i Europa og Nord-Amerika til nedsmeltinga av havisen kring Nordpolen. Havisen har minka dramatisk både i utbreiing og tjukkleik dei siste åra, og langt raskare enn klimaforskarane hadde venta. I september i fjor hadde isen i nord den minste utstrekninga som nokon gong er registrert – heile 18 prosent mindre enn i det førre rekordåret 2007. Men kva har dette med vintertemperaturen i Noreg å gjere?

Mykje, om ein skal tru mellom andre klimaforskaren Jennifer Francis ved Rutgers-universitetet i USA. Teorien som ho er ein frontfigur for, har fått aukande oppslutnad dei siste åra. Samanhengen er kort fortalt slik: Når havisen i nord minkar, forsterkar det oppvarminga av havet kring Arktis. Når havet så frys til att på hausten og vinteren, går det meir varme enn normalt opp i atmosfæren. Eit varmare Arktis på vinteren svekkjer i sin tur den såkalla jetstraumen, eit kraftig vindsystem som går frå vest mot aust i kring ti kilometers høgd.

Jetstraumen fungerer vanlegvis som ei sperre som «låser inne» den kalde lufta i Arktis. Når jetstraumen bremsar opp, kan vinterkulda sleppe sørover – til dømes til Europa eller Nord-Amerika. Det finst fleire målingar som tyder på at denne polare vestavinden har blitt svekt dei siste åra. Ein god del forskarar meiner difor at den globale oppvarminga vil gje Europa kaldare vintrar i åra som kjem, stikk i strid med det ein før har trudd.

Teorien byrjar å få oppslutnad også frå tunge aktørar i meteorologien. Ein av dei er Julia Slingo, forskingssjef ved Met Office, det meteorologiske instituttet i Storbritannia. I The Guardian heldt ho nyleg fram issmeltinga i Arktis som ei medverkande årsak til både det kalde vinterveret og tørkeperiodane i Storbritannia dei siste åra.

Overraska
– Dei kalde periodane på vintrane dei siste åra har kome overraskande. Projiseringane til RegClim tilsa mildare vintrar i Noreg, seier Sigbjørn Grønås, professor emeritus i meteorologi ved Universitetet i Bergen. Han var ein av leiarane for RegClim-prosjektet som laga prognosar for klimaendringane i Noreg.

Grønås har merkt seg forskinga til Francis og kollegaene hennar med interesse.

– Vi såg for oss ei saktare smeltinga i Arktis da vi arbeidde med RegClim. Isen i nord har jo minka mykje raskare enn nokon hadde føresett, seier Grønås.

– Dei siste åra har vi sett fleire periodar der det har vore uvanleg varmt i Arktis om vinteren og uvanleg kaldt i Europa. Men det er vanskeleg å seie om dette blir eit vanlegare fenomen framover.

Uavklart
– Denne teorien byrjar bli ganske godt dokumentert, både gjennom observasjonar og modellar: Det ser ut til å vere samanheng mellom isutbreiinga i Arktis og vinterklimaet i Noreg. Men kor sterk samanhengen er, er det vanskeleg å seie, seier Tore Furevik, visedirektør og professor ved Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen.

– Særleg åra sidan 2007, med fleire kalde, tørre vintrar, tyder på ein viss samanheng med issmeltinga. Vi har sett utbrot av kulde frå Arktis både i Europa og Nord-Amerika og til dels også i Kina og Japan.

– Sjølve mekanismen er ganske godt forstått, men det er òg mange andre ting som påverkar vintervêret vårt, som klimavariasjonar lenger sør i Atlaneren og i tropane. Vi kan difor ikkje bruke isutbreiinga i Arktis på hausten til å varsle vintervêret i Noreg.

Klimamodellane tyder framleis på at milde og våte vintrar kjem til å vere normalen i Noreg, understrekar Furevik.

– Men det er mange prosessar som framleis er vanskelege å fange opp med klimamodellane. Og det at isen i Arktis har minka mykje raskare enn modellane tilsa, tyder på at vi framleis kan ha overraskingar i vente.

QUIZ: Prøv den store klimaquizen vår!

Tynt grunnlag
Kalde vintrar blir neppe normalen i Noreg i framtida, meiner Helge Drange, som er professor ved Geofysisk institutt, UiB. Han meiner kuldeperiodane dei siste åra bør sjåast som utslag av normal, tilfeldig variasjon.

– Vi har for lite grunnlag til å slå fast at issmeltinga i Arktis forklarer kuldeperiodane dei siste vintrane. Det verkar litt spekulativt på meg, seier Drange.

– Vi veit at den minkande havisen gjev eit varmare Arktis, og at dette svekkjer jetstraumen som isolerer polarlufta. Det kan gjere område som Noreg kaldare i periodar. Men at dette skal bli hovudregelen i åra framover, kan eg ikkje sjå at det er grunnlag for.

Drange understrekar òg at det ikkje er nokon tendens til kaldare vintrar i Noreg som heilskap dei siste åra.

– Vi har hatt nokre kalde vintrar i Sør-Noreg. Men ser du på Nord-Noreg, er biletet veldig ulikt.

Det er neppe nokon grunn til å revidere prognosane til RegClim om mildare vintrar i Noreg enno, meiner Drange.

– Det generelle biletet er at gjennomsnittstemperaturen i Noreg stig, sjølv om vi har hatt nokre kalde månader innimellom.

Les saka i Dag og Tid!