– Vi må ta Bieber-hysteriet på alvor

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi må ta hysteriet på alvor

Neste veke kjem tusenvis av unge jenter til å hyle, skrike og gråte når fenomenet Justin Bieber kjem til Noreg for å halde tre konsertar i Oslo.

Sist 19-åringen var her i landet var det kaotiske tilstandar. Oslos gater var fylte med unge jenter på jakt etter det store idolet sitt – og den store kjærleiken.

LES OGSÅ: Skammar seg ikkje over å vere «belieber»

– Dette har ein sterk smitteeffekt, der kjenslene blir forsterka av det som skjer rundt dei, seier barne- og ungdomspsykolog Bernt Halvard Sleire til NTB om hysteriet.

Han seier situasjonen er godt eigna for å få ut kjensler – og leve dei ut, seier Sleire som meiner vi må ta dette på alvor.

– Det handlar om å sjå dette hos andre, og bli sett. Det er ei gjensidig stadfesting på kjenslene, begeistringa og samhaldet, seier Sleire, som ikkje legg skjul på at han også er bekymra for dei unge kjensleladde jentene.

ARE KALVØ: As long as you have tentamen

– Dei har ikkje den same modne evna til å regulere kjenslene som vaksne. Og då kan kjenslene ta overhand og styre jentene, seier Sleire, som meiner at det derfor er viktig at vaksne er til stades.

– At det er tryggleik på plass i form av vaksne som passar på, avsluttar psykologen. (©NPK)