Skammar seg ikkje over å vere «belieber»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skammar seg ikkje over å vere belieber

 

I aulaen på Volda ungdomsskule er det klart for lunsjpause. Klokka bikkar elleve, og elevane kjem springande for å få seg ein matbit. Den første bølingen er gutar, og i det eg nemner «Justin Bieber» fnyser dei berre og spring vidare. Ikkje alle er fans.

– Hysteriet har mildt sagt gått for langt. Det med å utsetje tentamen i Ålesund er å ta litt for mykje i, seier Markus Hallaråker som går i 10. klasse.

– Eg høyrer ikkje noko særleg på han sjølv, men trur ikkje det er flaut å innrømme for dei som gjer det. Dei som er fans står for det, seier 15-åringen.

«Mannlege beliebers»
Han skal vise seg å ha rett. For blant ivrige, svoltne ungdomsskuleelevar er det faktisk fleire av gutane som ikkje er redde for å vise at dei likar det kanadiske tenåringsidolet. Etter ein liten rundtur mellom lunsjborda er det fleire og fleire som glisar og gjerne vil innrømme at dei likar popstjerna.

– Justin Bieber er ein fantastisk songar og person, slik eg oppfattar han, seier Ole-Martin Iversen som tydeleg lar seg engasjere av å snakke om superstjerna.

16. april skal han sitje på med ein såkalla Bieber-buss frå Ålesund til Telenor Arena for å sjå idolet sitt opptre. Ole-Martin meiner både musikken og klesstilen til Bieber er bra – og at det er nettopp desse kriteria som trekk merksemd frå jentefansen.

– Det er koselig at han får så mykje merksemd frå jentene, altså. Alle jentene kan liksom like han, men ingen får han. Han kjem jo til å ende opp med ein eller anna kjendis, seier 15-åringen.

Er taktikken din at jentene kan falle tilbake på deg, når dei ikkje kan få Bieber?

– Det er heilt greit for meg! Eg har ikkje akkurat noko i mot det om jentene på konserten prøver seg på meg, seier Ole-Martin og ler.

LES OGSÅ: Justin Bieber elskar flytting av eksamen

Utsett tentamen for Bieber
– Eg trur kanskje jentene kan synast det er litt rart at eg er så stor fan – men eg synes ikkje det er flaut, legg han til og får bekreftande nikk frå jentene rundt bordet. Eigentleg har han tentamen same dag som konserten, men det fins ikkje tvil om kva han prioriterer.

– Det er absolutt verdt å reise på konsert, og eg får jo ta opp igjen tentamen seinare. Eg syns det høyres veldig greit ut slik dei har gjort det i Ålesund, då det er mange som skal på konserten, seier Ole-Martin.

– Eg synest det er positivt at ungdomsskulane i Ålesund flyttar tentamen. Folk reiser jo på konsert uansett, seier Jan Sindre Heltne. Han er også fan av musikken til Bieber, og skal sjølv til Oslo for å sjå superstjerna opptre framfor elleville fans.

– Hadde eg møtt han hadde eg blitt heilt «starstruck». Kanskje begynt å grine litt, innrømmer Jan Sindre.

– Uaktuelt
Else-Mari Holsvik, assisterande rektor ved Volda ungdomsskule, fortel at det å utsetje tentamenar ikkje har vore diskutert verken i leiinga eller kollegiet på ungdomsskulen.

– Dette har ikkje vore ei problemstilling vi har diskutert. Personlig synest eg det er uaktuelt å flytte på planlagde tentamenar for ein konsert – det ville gitt eit uheldig signal for kor viktig skule er, seier Holsvik. Ho har ikkje merka noko særleg til Bieber-hysteriet blant elevane.

– Eg trur ikkje det har prega miljøet blant elevane her noko nemneverdig den siste tida.

Holsvik fortel at kunnskapsministaren har presisert at ein skal vere svært forsiktig med å gi elevane unødvendige permisjonar.

– Då Ålesund valde å flytte tentamen blei eg svært forundra. Her er så mange ytre ting som kjem og tar plass, og vi må våge å vise kva vi står for og kor mykje skule og utdanning betyr, seier Holsvik. Ho trur ikkje det kunne blitt aktuelt å gjere noko liknande i Volda, og understrekar at dette er hennar personlege meiningar – og ikkje ei felles oppfatning blant leiinga på ungdomsskulen.

– Eg trur ikkje elevane i Volda er noko annleis enn andre plassar, og det er nok rikeleg med fans her. Det er jo forståeleg, han er jo ein søt gut, seier Holsvik og smilar.

– Mykje oppstyr for éin mann
Totalt ser det ut til at ganske mange av gutane på ungdomsskulen er – meir eller mindre – «beliebers».

– Det er ein del av gutane her som likar han, og det er ikkje flaut å innrømme det. Her er alle vener, smiler Benjamin Mpanza. Sjølv er han ikkje redd for å innrømme at musikken er fengande og har meining. Likevel meiner han at det å flytte tentamenar i Ålesund var å overdrive.

– Eg synest alt oppstyret er litt mykje for éin person. Det er liksom Justin Bieber, det er ikkje eit fotballag det er snakk om.

Les saka på Nernett.no!

Benjamin Mpanza (15) fekk ikkje tak i billettar, og er misunnelig på dei som skal sjå Justin Biever i live i Oslo.