Viktor Vinsjevik og Preben Dahl måtte bruka kreativiteten i løpet av arbeidsøkta saman med Bergens Tidende.

Anita Haugland, Sunnhordland
Anita Haugland, Sunnhordland

– Mobbing er å vera frekk. Dersom du seier stygge ting, eller svarar stygt når nokon seier noko, då er du frekk, seier Preben Dahl (13).

Han var ein av elevane i 8c på Stord ungdomsskule som var med og laga ein film om vennskap og mobbing i går.

– No skal klassen delast i to grupper. Den eine skal skriva kva vennskap er, medan den andre skal skriva kva mobbing er. Deretter skal de gå ut i gangen for å bli filma med kvar dykkar plakat, seier journalist Hanne Louise Åkernes frå Bergens Tidende.

Elevane får utdelt blanke ark, og må kvar og éin må koma med sine idear.

Vennskap er å vera snill, står det på papiret til Esther Andrea Babunga Johnsen (13).

– Me må jo vera snille med kvarandre, for å ha eit vennskap, seier Babunga Johnsen.

– Kva er mobbing, då?

– Det er når du vil at nokon skal bli plaga eller irritert. Eg har ikkje sett mykje mobbing her på skulen, men eg veit at det skjer. Eg kjenner ein som har blitt mobba, og han har fortalt det til meg, seier 13-åringen.

LES OGSÅ: – Mobbeskulane må bøteleggast

På dagsordenen
– Mobbing er ei problemstilling som me jobbar med kvar dag. Eg tykkjer det er fint at Stord ungdomsskule får ta del i prosjektet, fordi det er løysingsorientert og set også fokus på vennskap. Sidan prosjektet går på Facebook, som er ein stor del av kvardagen til elevane, blir dei ekstra engasjerte, seier kontaktlærar Ellen Salomonsen i 8c.

I førre veke var det Hop ungdomsskule som fekk styra Facebook-sida «Vær en venn», medan det i denne veka er elevane på Stord som har redaktøransvaret.

– Ungdommar i denne alderen er den vanskelegaste målgruppa for oss å nå ut til. Det me ser no, er at elevane gjerne klikkar seg inn på saker som blir lagt ut på denne sida. Parallelt med prosjektet har Bergens Tidende publisert fleire artiklar om ungdommar som har stått fram med sine mobbehistorier. Fleire gonger har me opplevd at følgjarane våre har kommentert fine ting til kvarandre, utan at dei kjenner kvarandre frå før, seier Gerd Margrete Tjeldflåt.

Les fleire saker om mobbing her!

BT-journalistane Hanne Louise Åkernes og Gerd Margrete Tjeldflåt leiar mobbeserien «Vær en venn». FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Les saka i Sunnhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE