Bruer og tunnelar hindrar ikkje fråflytting

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hindrar ikkje fråflytting

NRK har sett på korleis bruer og tunnelar har verka inn på folketalet på ein del øyar som har fått fastlandssamband.

Dei 14 prosjekta der folketalet gjekk ned, kosta totalt over 4 milliardar kroner, omrekna til 2013-kurs. Gjennomgangen viser at dei øykommunane som ligg langt frå byar og sentrale strok, held fram med å leke innbyggjarar også etter at fastlandssambandet er på plass. For dei bynære øysamfunna har utviklinga vore motsett. Fleire av dei bynære øyane har hatt kraftig befolkningsvekst etter at dei fekk veg til fastlandet.

– Viss du byggjer ei bru til ei lita øy som ikkje soknar til ein større by, eller det ikkje er eit næringsliv som treng transport til eller frå denne øya, så kan du ikkje rekne med at det har nokon særleg verknad på innbyggjartalet, seier seniorforskar Helge Brunborg i Statistisk sentralbyrå.

Det er naivt å tru at fastlandssamband i seg sjølv er nok til å stogge ei negativ befolkningsutvikling, meiner han.

Befolkningstala er henta inn frå Statistisk sentralbyrå og samanliknar situasjonen før og etter at fastlandsvegen kom på plass. NRK har også tatt med tal frå Vegvesenet som viser kor mykje utbyggingsprosjekta har kosta. (©NPK)

Kva synest du? Bør ein konsentrera seg om å laga betre og ferjefrie vegar på riksvegane våre?