Kraftbransjen treng tusenvis av fagfolk

Dei fleste arbeidsplassane vil vere i distrikta.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Treng flest fag- folk i distrikta

Ei undersøking viser at kraftnæringa i Noreg har behov for rundt 1.500 nye tilsette årleg fram mot 2020.

– Planlagte milliardinvesteringar i kraftnett krev mange nye fagfolk til elbransjen, seier direktør for kompetanse og FoU i Energi Norge, Mona Askmann, til Nationen.

Ifølgje Statnett er det dei neste ti åra planlagt investeringar på til saman 140 milliardar kroner i sentrale, regionale og lokale kraftnett frå Finnmark i nord til Agder i sør.

Ein rapport som Thema Consulting har utarbeidd for Energi Norge viser at rundt 30 prosent i næringa vil gå av med pensjon innan 2020.

– Energi Norge estimerer at kraftnæringa treng 1.500 nye tilsette kvart år dei neste fem åra for å møte det auka behovet for kompetanse, seier Askmann.

Ho seier at behovet dreier seg både om ingeniørar med rett utdanning, men også om fagarbeidarar som elektrikarar og energimontørar. Kraftrelatert verksemd har i dag om lag 18.000 tilsette.

LES MEIR OM YRKESVAL HER!

Ho opplyser at innan kraftnæringa er dei viktigaste yrkesgruppene energimontørar, elkraftingeniørar, energioperatørar og sivilingeniørar innan elkraft.

– Stor aktivitet, høg gjennomsnittsalder og stor avgang til pensjon er nokre av dei viktigaste kompetanseutfordringane kraftnæringa står overfor, seier Askmann. (©NPK)