Skal granska om gratis læremiddel på nett er ulovleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forleggerforeningen klaga saka inn for overvakingsorganet ESA allereie for tre år sidan. Den gongen blei klagen avvist, men foreininga anka avgjerda til EFTA-domstolen – og fekk medhald. Dermed skal ESA no granska NDLA på nytt, fortel Nationen.

– Denne saka handlar om konkurranse. Vi meiner det må vera eit skilje mellom oss som er innhaldsprodusentar og staten. Det er nytt at staten sjølv går inn på produksjonssida for læremiddel, seier Kristenn Einarsson, administrerande direktør i Forleggerforeningen til avisa.

Foreininga meiner at NDLA skadar konkurransen i den norske lærebokmarknaden.

Ny praksis
Problemet starta etter at den første raudgrøne regjeringa vedtok at elevar i den vidaregåande skulen skulle få gratis læremiddel. Fylkeskommunane gjekk deretter saman og utvikla sitt eige nettbaserte lærebokprosjekt NDLA. Ifølgje Nationen brukar fylkeskommunane 20 prosent av pengane til gratis læremiddel på å finansiera dette tilbodet. Dette reagerer lærebokforlaga sterkt på.

Prosjektleiinga i NDLA tek derimot den nye granskinga med stor ro. Prosjektleiar Øyvind Høines kjenner seg trygg på at granskinga vil slå fast at det nettbaserte lærebokprosjektet er i samsvar med EØS-reglane.

– Når domstolen sender saka tilbake, har ESA eit særleg press på seg for å gjera ein grundig jobb her. Eg håpar at vi no får denne saka ut av verda for godt, seier Høiness.

Han seier at fleire land ønskjer å starta liknande prosjekt og at det difor er stor interesse for dommen rundt om i Europa. (©NPK)

Faktaboks

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit fylkeskommunalt prosjekt som har som mål å tilby kvalitetssikra, fritt tilgjengelege, nettbaserte læremiddel i alle fag i vidaregåande skule. 18 fylkeskommunar står nettsidene.