Høgre-folk i vest mobiliserer for nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mobiliserer for nynorsk

Tidlegare har fleire sentrale Høgre-politikarar frå Vestlandet uttalt misnøye med forslaget. TV-kjendisen og medlem av sentralstyret i Høgre, Arne Hjeltnes og leiar av Hordaland Høgre, Liv Kari Eskeland, er to av dei som har kritisert forslaget.

No samlar partifellar frå alle vestlandsfylka seg til felles front mot det omstridde språkforslaget, fortel NRK.

– Eg tykkjer det er uheldig, difor er det vår oppgåve å jobba for at vi får ei anna formulering når landsmøtet gjer det endelege vedtaket sitt, seier gruppeleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Noralv Distad til kanalen.

På landsmøtet til partiet i mai er det venta at han får støtte av mange partifellar frå resten av Vestlandet.

Peder Sjo Slettebø, fylkestingsrepresentant i Hordaland og tidlegare sentralstyremedlem i Unge Høgre, har tidlegare uttalt at forslaget kan oppfattast som eit angrep på den vestlandske identitetskjensla. Han meiner forslaget er dårleg tima og meiner det gjera det vanskelegare å driva valkamp på Vestlandet.

Forslaget om å gjera nynorsken valfri for elevar i ungdomsskulen og for byråkratar møter også motbør blant Høgre-politikarar i Rogaland og Møre og Romsdal.

Bent Høie som har leidd programkomiteen i Høgre, er ikkje samd i kritikken frå partifellene i vest.

– Eg meiner det er ei rett sak å gå til val på og heller oppmode til eit positivt syn på eit mangfald i målformer i staden for den type tvang og reglar, som vi meiner erfaring syner ikkje fungerer, seier han. (©NPK)