Satsar på nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No tek Coop Extra grep og blir nynorskbutikk.

– Heile butikken vil ikkje vera i nynorskdrakt med det første, men vesentlege ting er allereie på plass, seier driftssjef i Coop Vest, Ronny Sørbotten.

Fekk kritikk
Fleire av dei nyopna butik­kane i Sogndal fekk i fjor haust mykje kritikk i media for å bruka bokmål i staden for nynorsk. No har Coop Vest teke grep og sett i gang arbeidet med å gjera så mykje som mogleg om til nynorsk på Sjøkanten.

– Dei negative skriveria i fjor sette oss på tenkeboksen. Me tok opp ballen og oppfordra Coop sentralt til å koma på bana, seier Sørbotten.

Les saka i Sogn Avis!