Berre halvvegs Robin Hood

Dei raudgrøne gjer halve jobben til Robin Hood – dei tar frå dei rike, men har gløymt resten.

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi er hamna i eit ekkelt paradoks; på same tid som det norske statsbudsjettet har runda 1000 milliardar kroner, har talet born i «låginntektsfamiliar» runda 100 000. Mykje av grunnen til dette er ei manglande prioriteringar av barnefamiliar sin økonomi, dermed er det også håp for at trenden kan snuast i framtida.

I ein tankevekkande kronikk skriv Kåre Willoch: «Da forsking viste at i 2004 vokste 70.000 barn opp i «lavinntektsfamilier» – en beroligende omskriving av fattigdom – vakte det kortvarig interesse. Da NAV i høst la frem en rapport som viste at anntallet barn i fattigdom var vokst til 102.000 i år 2010, ble interessen igjen kortvarig». Med det set han fingen på den urovekkande utviklinga som har skjedd gradvis sidan 1990-åra og fram til i dag. I rapporten frå NAV står det at «Bakgrunnen for dette [lavt antall fattige barn] er blant annet at barnefamilier har blitt tilgodesett med store offentlige overføringer som barnetrygd og kontantstøtte… Denne trenden holder nå på å snu». Dersom ein legg til grunn prisstiginga i samfunnet er verdien av barnetrygda halvert sidan 90-talet. Dersom den var på same nivå som den gang hadde 30.000 barn hamna over fattigdomsgrensa.

Denne debatten handlar ikkje berre om statistikk, men mest av alt om realiteten statistikken prøvar å gjengi. Å vere fattig i Noreg er ikkje det same som å vere fattig andre stadar. Dei aller fleste har mat, ein trygg stad å bu og klede. Det som skil barn frå låginntektsfamiliar frå andre handlar om andre ting. Det handlar om å ha råd til å delta i fotballaget og speidaren, eller å kunne delta på klasseturen på barneskulen. Forskarar som har sett på denne gruppa barn fortel historier om søner som kastar invitasjonen til klassekameraten sin bursdag før dei kjem heim frå skulen, fordi dei ikkje vil utsette mamma og pappa for det pinsame svaret; «vi har ikkje råd til å kjøpe endå ei gåve».

Vi kan gjere meir for å snu fattigdomstrenden. Barnefamiliar har høgare utgifter enn andre, og på grunn av denne reduserte skatteevna har ein tradisjonelt hatt skattefrådrag og ei solid barnetrygd. Samstundes som dei raudgrøne går til krig mot kontantstøtta og nedprioriterer barnetrygda år etter år aukar prisane og lønnene elles i samfunnet. Innskrenkinga av økonomien til barnefamiliar må sluttast, derfor foreslo KrF denne hausten eit skattefrådrag på 5000 kroner per barn. Andre tiltak må også på plass, slik som at barnehage og SFO bør bli billigare for dei fattigaste, og dyrare for dei rikaste – i tillegg til ei styrking av frivilligheita som gjer til at alle kan delta på denne viktige arenaen.

I 2005 sa Jens Stoltenberg «Aldri har en regjering brukt meir penger enn den sittende regjerig, likevell har antallet fattige barn økt. Det er grunn til å skifte regjering 12. september». Sidan den gang har talet fattige barn auka endå meir. Derfor seier eg og KrFU det same i år.