Lanserer sju nye sosiale klassar
Arbeidarklassen skrumpar inn, samstundes som det oppstår nye klassar, viser britisk studie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Deler samfunnet inn i sju klassar
Britane passar ikkje lenger inn i dei tradisjonelle kategoriane overklasse, middelklasse og arbeidarklasse. Arbeidarklassen er no berre éin av sju sosiale klassar og er i ferd med å forsvinne, viser ein ny britisk studie.
Den fremste klassen, dei rikaste, kallar forskarane no eliten. For å høyre til der, må du ha ein formue på minst 1,2 millionar kroner, utdanning frå eit toppuniversitet og ein vid sosial omgangskrets – på fagspråket høg økonomisk, kulturell og sosial kapital.
Proletariatet, arbeidarklassen, har no fått nokon under seg, nemleg «prekæriatet», dei mest ressurssvake.
Den nye underklassen utgjer ein så stor del som 15 prosent av dei vel 160.000 personane som har vore med i undersøkinga. På den andre sida kan om lag 6 prosent av britane definere seg som elite.
– Identifiseringa av desse ytterklassane, viser oss at dei konvensjonelle tilnærmingsmåtane har hindra oss i å sjå desse to ekstrema, som er så tydelege i det britiske samfunnslivet, seier professor Mike Savage ved London School of Economics and Political Science (LSE), som har gjort studien saman med professor Fiona Devine ved University of Manchester, til avisa The Independent.
LES OGSÅ: Trur på fleire opptøyar
Mellom dei mest velståande og mest ressurssvake har Savage og Devine splitta opp den tradisjonelle inndelinga i to typar middelklasse og tre variantar av arbeidarklasse. Den tradisjonelle arbeidarklassen er i ferd med å forsvinne og utgjer no berre 14 prosent av befolkninga i Storbritannia, viser studien.
Den største gruppa er likevel den etablerte middelklassen, som er ressurssterk, men ikkje heilt i rikingklassen. Kvar fjerde brite høyrer til der. (©NPK)
Faktaboks
Dei sju sosiale klassane
* Elite: Dei privilegerte, personar som har høg økonomisk, kulturell og sosial kapital (cirka 6 prosent)
* Etablert middelklasse: Velståande økonomisk, kulturelt og sosialt, men ikkje på det same høge nivået som eliten, selskapeleg og kulturinteressert
* Teknisk middelklasse: Ny lita gruppe, som har god økonomi, men er mindre interessert i kultur og har færre omgangsvenner
* Nyrik arbeidarklasse: Middels god økonomi, men høgare kulturell og sosial kapital, unge og aktive
* Spirande servicearbeidarklasse: Ny klasse av urbane unge med dårleg økonomi, men med høg sosial kapital og spirande kulturell kapital.
* Tradisjonell arbeidarklasse: Dårleg stilt både økonomisk, kulturelt og sosialt, men ikkje av dei aller fattigaste, høgare gjennomsnittsalder enn andre klassar
* Prekæriat – «prekær-proletariat»: Dei mest ressurssvake, som har låg kapital på alle område (©NPK)