Quiz for absolutt alle

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Quiz for absolutt alle

Så, i håp om å tilfredsstille absolutt alles ønske, presenterer eg her min eigen påske-quiz, med spørsmål tilpassa ulike grupper i samfunnet. Håper alle blir fornøgde. Og då meiner eg alle.

Quiz for SV-arar:

1)  Kvifor bør folk legge seg tidligare?

2)  Kvifor bør folk kle på seg?

3)  Kvifor bør folk slutte å drikke tidligare på kvelden?

4)  Kvifor bør ikkje folk stemme på Frp?

5)  Kvifor er det ingen som liker oss?

Fasit: Det finst ingen rette svar. Alle får to og eit halvt poeng. Gratulerer! Godt jobba. Og no går du og legg deg med ein einaste gong.


Quiz for Frp-arar:

1)  Kvifor er Høgre meir populære enn oss?

2)  Kva skal vi gjere for å bli like populære som Høgre?

3)  Kva har skjedd? Før var vi meir populære enn Høgre.

4)  Kva er det Erna Solberg har som ikkje Siv Jensen har?

5)  Kvifor liker ikkje alle oss?

Fasit: Alle får sju poeng. Eller ti. Eller tretti. Nei, la oss seie førti.


Quiz for Høgre-folk:

1)  Kor mykje er vi for trygge arbeidsplassar?

2)  Kor mykje er vi for vegutbygging?

3)  Kor mykje er vi for ein god skule?

4)  Kor mykje er vi for kvalitet og valfridom i helsesektoren?

5)  Kor populære er vi?

Fasit: Svara på spørsmål 1-4 er: Ganske mykje, men vi tek ikkje heilt av heller, vi er trass alt ikkje Frp. Svaret på spørsmål 5 er: Ikkje for å skryte (det er vulgært), men vi er ganske populære.


Quiz for Venstre-folk:

1)  Kva var det eigentlig som skjedde?

Fasit: Finst ikkje.


Senterpartifolk kan ta same quizen som Venstre-folk.


Quiz for KrF-arar:

1)  Er det nokon som hugsar oss?

2)  Kva skal vi eventuelt gjere for at nokon skal hugse oss?

3)  Viss partileiaren vår snakkar veldig mykje om alle saker som andre meiner noko om, hjelp det? Eller er det berre forvirrande?

Svar kan sendast til partileiaren vår. Om du hugsar kven det er.


Quiz for Arbeidarparti-folk:

1)  No har vi regjert samanhengande i snart åtte år. Skal vi ikkje berre seie at det er greitt no, og gi oss der?

Fasit: Kan vi godt. Vi kjem jo uansett tilbake. Det er ei naturlov.


Quiz for folk som ikkje liker nokon av partia på Stortinget, eller nokon andre parti for den del:

1) Korleis går det?

2)  Kva er problemet?

3)  Kva skal du gjere i resten av påska?

4)  Kva er gale med samfunnet?

5)  Kvifor er det ingen som liker meg?

Fasit: 1) Elendig. 2) Alt. 3) Irritere meg over at alt er elendig og at ingen gjer noko med det. 4) Alt, har eg jo sagt. 5) Nei, forstå det den som kan. Sikkert fordi samfunnet er elendig.


Quiz for journalistar:

1)  Kvifor er det livsfarlig i barnehagen?

2)  Kvifor er det livsfarlig på skulen?

3)  Kvifor er det livsfarlig heime?

4)  Kvifor er alle politikarar vondskapsfulle menneske som liker å bruke andre folks pengar?

5)  Kvifor er det ingen som liker oss?

Fasit: Å, kom igjen. Du veit allereie kva som er dei rette svara.


Quiz for folk som liker quiz litt for godt:

1)  Kven spelte bass på kutt fire på side to på det tredje albumet til den austerrikske krafttrioen Die Grosse Kleine (live-album ikkje medrekna)?

2)  Kven kom på sjetteplass i EM i kappgang for menn i 1932?

3)  Kor mange norske fotballspelarar har spelt på det norske landslaget utan å ha spelt kampar i den øvste divisjonen i det norske seriesystemet?

4)  Kor mange stemmer fekk Senterpartiet i Finnmark i 1989?

5)  Kvifor er det ingen som liker meg anna enn når det skal veljast quiz-lag?

Fasit: Svara på spørsmåla 1-4 veit eg, sjølvsagt, men eg har ikkje tenkt å seie dei til deg. Det ville vere for enkelt. Svaret på spørsmål 5 veit du godt, om du berre tenker deg om litt.


Først publisert i Aftenposten 30. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Prøv deg på fleire quizar her!